Eit møte mellom lys og mørke

Utstillinga viser kva kunst av høg kvalitet kan ha å seie i nærmiljøet. Kunsten inspirerer, og han gir perspektiv.

Sola til Nils Aas heng frå taket med biletserien til Solveig Lønseth på veggen bak. Ved den faste utstillinga til Aas på veggen til venstre har Lønseth plassert «Sokkel for Nordisk lys».
Sola til Nils Aas heng frå taket med biletserien til Solveig Lønseth på veggen bak. Ved den faste utstillinga til Aas på veggen til venstre har Lønseth plassert «Sokkel for Nordisk lys».
Publisert

Ein times køyretur nordover frå Værnes flyplass ligg Nils Aas Kunstverksted vakkert til ved fjorden. Det er interessant å sjå korleis galleriet gong på gong lukkast med å kuratere skiftande utstillingar inn i eit visingsrom med ei omfattande fast utstilling av inderøyaren og bilethoggaren Nils Aas (1933–2004). Denne gongen synest eg dialogen mellom dei to inviterte kunstnarane og Nils Aas vert ekstra sterk, nesten gripande.

Anders Sletvold Moe og Solveig Lønseth har valt ut eitt verk kvar frå den rikhaldige samlinga etter Nils Aas som vert stilt ut saman med deira eigne. Dette grepet vert særleg meiningsberande ved at begge kunstnarane har nær kjennskap til kunstnaren frå barnsbein av, Lønseth har vakse opp på Inderøy, medan Sletvold Moe kjem frå Steinkjer. Såleis har Nils Aas vore ein naturleg del av kvardagen i form av dei mange skulpturane og utsmykkingane av han.

Det å sjå denne utstillinga, og høyre kva påverknad kunsten til Aas har hatt på kunstnarane, viser kor viktig kunst av høg kvalitet er i nærmiljøet. Kunsten inspirerer, og han gir perspektiv. Nils Aas Kunstverksted har i tillegg eit velutstyrt arbeidsrom der alle som vil, får lov til å utforske teknikkar og materiale med eigne hender. Det var her Lønseth fekk dei første erfaringane sine med feltet.

Resultatet er prega av ein lett eleganse. Det er ei stram utstilling med få verk. Begge kunstnarane viser abstrakte verk med stor vekt på materialkunnskap, teknikk og presisjon. Verka er i hovudsak laga særskilt for utstillinga og speler på både arkitekturen i rommet og kunsten til Nils Aas.

Anders Sletvold Moe

Verket som steinkjærkunstnaren har valt av Nils Aas, er «Kvadratur». Det er eit udatert utkast til ei utsmykking som det aldri vart noko av. Aas er mest kjend for dei figurative arbeida sine, som den langstrekte Haakon VII-statuen i bronse på 7. juni-plassen i Oslo. «Kvadratur» er eit reint nonfigurativt verk, ein komposisjon av langstrekte, spisse former i lyst metall. Det er i stor grad det urealiserte potensialet i den vesle og eigentleg ganske slitne modellen som gjer han interessant. Han er som ei spire til noko storslege. Utsmykkinga var meint å strekke seg heile sju meter over bakken. Formspråket i «Kvadratur» står godt til silketrykka til Sletvold Moe. Kunstnaren utfører alle ledd i trykkeprosessen sjølv og oppnår ein teknisk briljans. Flatene er uvanleg metta, noko som gir ei sterk fargeoppleving.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement