JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Eit møte mellom lys og mørke

Utstillinga viser kva kunst av høg kvalitet kan ha å seie i nærmiljøet. Kunsten inspirerer, og han gir perspektiv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sola til Nils Aas heng frå taket med biletserien til Solveig Lønseth  på veggen bak. Ved den faste utstillinga til Aas på veggen til venstre har Lønseth plassert «Sokkel for Nordisk lys».

Foto: Steinar Johansen

6362
20200710
6362
20200710

Utstilling

Anders Sletvold Moe og Solveig Lønseth

Nils Aas Kunstverksted, Inderøy, 20. juni–30. august

Ein times køyretur nordover frå Værnes flyplass ligg Nils Aas Kunstverksted vakkert til ved fjorden. Det er interessant å sjå korleis galleriet gong på gong lukkast med å kuratere skiftande utstillingar inn i eit visingsrom med ei omfattande fast utstilling av inderøyaren og bilethoggaren Nils Aas (1933–2004). Denne gongen synest eg dialogen mellom dei to inviterte kunstnarane og Nils Aas vert ekstra sterk, nesten gripande.

Anders Sletvold Moe og Solveig Lønseth har valt ut eitt verk kvar frå den rikhaldige samlinga etter Nils Aas som vert stilt ut saman med deira eigne. Dette grepet vert særleg meiningsberande ved at begge kunstnarane har nær kjennskap til kunstnaren frå barnsbein av, Lønseth har vakse opp på Inderøy, medan Sletvold Moe kjem frå Steinkjer. Såleis har Nils Aas vore ein naturleg del av kvardagen i form av dei mange skulpturane og utsmykkingane av han.

Det å sjå denne utstillinga, og høyre kva påverknad kunsten til Aas har hatt på kunstnarane, viser kor viktig kunst av høg kvalitet er i nærmiljøet. Kunsten inspirerer, og han gir perspektiv. Nils Aas Kunstverksted har i tillegg eit velutstyrt arbeidsrom der alle som vil, får lov til å utforske teknikkar og materiale med eigne hender. Det var her Lønseth fekk dei første erfaringane sine med feltet.

Resultatet er prega av ein lett eleganse. Det er ei stram utstilling med få verk. Begge kunstnarane viser abstrakte verk med stor vekt på materialkunnskap, teknikk og presisjon. Verka er i hovudsak laga særskilt for utstillinga og speler på både arkitekturen i rommet og kunsten til Nils Aas.

Anders Sletvold Moe

Verket som steinkjærkunstnaren har valt av Nils Aas, er «Kvadratur». Det er eit udatert utkast til ei utsmykking som det aldri vart noko av. Aas er mest kjend for dei figurative arbeida sine, som den langstrekte Haakon VII-statuen i bronse på 7. juni-plassen i Oslo. «Kvadratur» er eit reint nonfigurativt verk, ein komposisjon av langstrekte, spisse former i lyst metall. Det er i stor grad det urealiserte potensialet i den vesle og eigentleg ganske slitne modellen som gjer han interessant. Han er som ei spire til noko storslege. Utsmykkinga var meint å strekke seg heile sju meter over bakken. Formspråket i «Kvadratur» står godt til silketrykka til Sletvold Moe. Kunstnaren utfører alle ledd i trykkeprosessen sjølv og oppnår ein teknisk briljans. Flatene er uvanleg metta, noko som gir ei sterk fargeoppleving.

Ei flyktig oppleving

Blikkfanget i salen er det svære veggmåleriet «Shape Drifter» av Sletvold Moe. Verket er tre meter høgt og nær ni meter langt. Han har teke utgangspunkt i linjer i arkitekturen i utstillingssalen og utforma ein komposisjon der vassrette og hellande linjer møtest i stramme og spisse vinklar. Den strenge komposisjonen står i kontrast til det myldrande mønsteret i overflata. Det er vanskeleg å sleppe måleriet med blikket. Dess meir ein ser på det, dess fleire detaljar vell fram. Nokre av felta er behandla med sparkel for å få fram ein svak relieffverknad og eit mjukt, organisk mønster, andre stader skaper lette strøk med bilvoks eit blankt, nesten kleimete uttrykk. Andre flater er matte og djupt svarte, eitt felt er endåtil skravert over med blyant, noko som gir ein sølvskimrande verknad over den mørke flata. Det funklar vakkert i svarte og grå tonar, i skarp kontrast til dei lysare, organiske verka i den faste utstillinga av Nils Aas, som flankerer måleriet.

Det flyktige ved verket gjer opplevinga ekstra eksklusiv. Verket finst berre i utstillingsperioden, så vert det måla over og kan aldri sjåast igjen. Verket er samstundes uråd å avbilde på ein fullgod måte, og lever berre vidare i minnet til dei som opplevde det.

Solveig Lønseth

Medan Sletvold Moe skildrar mørket, vender Lønseth seg mot lyset. Verka hennar er idébaserte, her er det dei små nyansane som er sjølve verket. Lønseth har valt ut verket «Lys» av Nils Aas, ei sol utforma av slanke seljekvistar. Aas valde materialet fordi selje ikkje endrar farge med tida, men held seg strålande kvitt. Også dette verket er ein modell til eit større verk. I motsetning til «Kvadratur» vart verket realisert i form av ei fire meter stor sol som kan beundrast i Levanger rådhus.

Ved sida av «Lys» har Lønseth plassert ein serie med fire nye grafiske arbeid. Dei er utforma i teknikken blindtrykk, der ein trykker utan trykksverte, og trykkplata pressar eit preg inn i papiret. Såleis krevst det mykje lys for å sjå det lette relieffet i papiret. Den organiske forma i bilda er konturane av løvetannblomar, som i seg sjølv er eit sprakande symbol på sol, sommar og grøderikdom. Den inste, smale randa av passepartouten som omkransar motiva, er måla i klare fargar. Det er så vidt ein anar den tilførte fargen, noko som gir ein elegant verknad i eit så vart motiv.

Det andre verket til Lønseth er «Sokkel for Nordisk lys» (2020), som kunstnaren har laga saman med Åge Sivertsen. Skulpturen består av fire furustokkar, to rektangulære og to kvadratiske. Saman dannar dei eit kvadratisk mønster med gliper mellom kvar stokk.

Verket er ei hyllest til den digre veggutsmykkinga «Nordisk lys», som Nils Aas utførte i ministerrådssalen i Europarådet i Strasbourg (1973). Her kledde Aas veggen med kraftige furubjelkar som dannar ein mektig og livleg rytme.

«Sokkel for Nordisk lys» er utforma med mål frå skissa som Aas laga veggen i Strasbourg etter.

I tillegg har Lønseth gjort ein vri. Trestokkane er reiste opp slik at dei dannar eit samspel med lyset som trenger inn gjennom glasvindauget i nødutgangen bak verket. Om dagen fell ein lang skugge frå verket, men når klokka bikkar seks, trenger solstrålar gjennom ei glipe i tømmeret og inn i lokalet. Såleis strålar lyset opp verket og påverkar samstundes galleriet. Dette illustrerer godt temaet Lønseths arbeid spinn kring. Her flettar Lønseth endåtil verket inn i tida vi lever i: Korona er det ytste laget i atmosfæren til sola, ein strålekrans som berre er synleg for auga våre når det er solformørking.

Det er særleg givande når kunstnarar klarer å uttrykke i bilde noko som er vanskeleg både å ta inn over seg og å få tilstrekkeleg perspektiv til.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.

Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
Ordskifte

Studieopptak og skulifisering

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis