Eit moderne miljøeventyr BarnebokArne Svingen: En himmel full av skyer GyldendalHenrik er elleve år, har kreft og skal døy. Men først skal han redde verda. Eit umogleg oppdrag? Ikkje i dette moderne miljøeventyret av Arne Svingen.
Henrik er elleve år, har kreft og skal døy. Men først skal han redde verda. Eit umogleg oppdrag? Ikkje i dette moderne miljøeventyret av Arne Svingen.
Henrik er oppfinnsam, overmodig og kunnskapsrik. Han har gode hjelparar, men trollet har mange hovud. Som ein moderne oskeladd målbind han både talkshowvertar og toppolitikarar. Kreften trugar med lås og slå, men nye medisinar gjev fleire somrar og vintrar.
Forteljinga er ei vellukka blanding av desperasjon og stort alvor på éi side, og galgenhumor og situasjonskomikk på ei anna. Underteksten osar av sinne. Noko må gjerast! Henrik er rasande, og det verkar forfattaren også å vere.
Skal ein berge verda med barnelitteratur, må ein skrive ei bok alle vil lese. Arne Svingen siktar både høgt og breitt, og lukkast med det. Boka gjer endåtil storeslem i barnebokhausten: En himmel full av skyer er nominert til både Brageprisen og Arks barnebokpris. Ho er også på NORLA-lista over utvalde titlar for satsing i den internasjonale bokmarknaden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.