Eit lett, men sikkert grepIngrid skriv om livet på ein ungdomspsykiatrisk institusjon med innsikt og respekt.
Ingrid Melfald Hafredal skriv om livet på ein ungdomspsykiatrisk institusjon med innsikt og respekt.
Ingrid Melfald Hafredal er aktuell med roman nummer to.
Foto: Pernille Marie Walvik
Ingrid Melfald Hafredal går inn i eit høgaktuelt tema når ho i sin andre roman skriv om innlagde og tilsette ved ein psykiatrisk institusjon for ungdom. For sjølv om nordmenn ifølgje internasjonale kåringar skal vere lukkelegast i verda, viser tal frå Folkehelseinstituttet at det er fleire unge som har psykiske problem enn det var før, og auken er størst blant jentene. Heldigvis er også openheita om emnet aukande. NRK har portrettert unge som går i terapi i reality-seriane Jeg mot meg og Stemmene i hodet, og i suksesserien Skam er ein sentral person manisk-depressiv. Angst, depresjon, schizofreni, anoreksi og sjølvmordstankar er òg viktige tema i samtidslitteraturen.
Flettverk av historier
Ingrid Melfald Hafredal debuterte med romanen Omveier i 2013. Tittelen på andreboka Harehjerte viser til korleis hjartet kan rase av garde i angst sjølv om det ikkje finst ein ytre grunn til å vere redd. Slik har tenåringen Ida det kvar kveld når ho skal sove. Spesielt i skildringa av denne tilsynelatande veltilpassa jenta som stadig prøvar å ta livet av seg, viser Hafredal seg som ein forfattar med blikk for dei komplekse samanhengane i både psyken og samspelet mellom menneske.
Det beste med romanen er likevel korleis Hafredal opnar for vidare refleksjon ved å flette saman historiene til menneske i ulike livsfasar. Det kan likne måten Helga Flatland fortel på i romantrilogien som startar med den mykje leste Bli hvis du kan. Reis hvis du må (2010).
Romanen har tre delar som kvar introduserer ei jente og hennar sjukdomshistorie, men som så hoppar mellom korte episodar i liva til både dei og andre ved institusjonen. Dei vi etter kvart blir best kjent med og som bind det heile saman, er den erfarne psykiateren Ørjan, den nytilsette miljøterapeuten Anne og sjukepleiaren Solveig, som nærmar seg pensjonsalder. Dei har også sitt å stri med, men blir viktige for ungdommane dei arbeider med.
«Jeg har lyst å bli som Ørjan, sier hun plutselig. Når jeg kommer ut herfra. Da vil jeg hjelpe andre, slik som han gjør». Det er Ida som seier dette til miljøterapeuten Anna, og etterpå får ein som lesar eit anna blikk på dei som jobbar ved institusjonen. Stammar deira faglege engasjement også frå personlege erfaringar?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.