Bok
Eit kraftverk av ei bruksbok
Vinje-bibliografien er ein sjeldan og omsutsfull bibliografi som viser Aa.O. Vinje frå nye vinklar.
Aasmund Olavsson Vinje (1843–2016).
Bibliografisk arbeid vert ikkje altfor ofte påakta, og dermed er det då også for lite av det her i landet. På same viset som det er for få survey-artiklar, altså oversyn over tidlegare og aktuell forsking innom eit granskingsfelt. Og reint teksthistorisk har vi omtrent ikkje drøftingar eller oversyn over korleis gamle tekstar, om det så er klassikarar, er blitt brukte i kulturhistoria.
Vel er Grepstad kjend for å vere energisk, men denne boka er som eit kraftverk i seg sjølv, ei energikjelde til nye granskingar, nye oppdagingsferder. Ein filolog vert svært glad for å halde ei slik bok i hendene, det er sikkert, og det er umogleg å uttrykkje respekten denne meldaren kjenner for arbeidet som her er gjort.
Total kartlegging
Vinje-bibliografien er ikkje berre ei total kartlegging av alle tekstar av A.O. Vinje sjølv, men langt meir: Det handlar om ei nær på total kartlegging av tekstane til Vinje, men også ei omfattande og truleg tett på hundre prosent dekkjande registrering av bruken av desse tekstane gjennom åra. Dermed får vi ei grundig utgjevarsoge, ei forståing av korleis tekstane har vandra gjennom historia, og ei nokså klår oppfatning av kva for utval av Vinje-tekstane som er blitt gjenbrukte, ofte.
Dermed kan det heretter, med støtte i denne boka, gjerast heilt nye granskingar av soga om Vinje i media, skulen, lærebøker, antologiar og litteraturformidling, som del av klassikarkanon, i songkulturen, som grunnlag for bruk i seinare forfattarskap, i litterær og historisk forsking. I det heile – her er fundamentet for teksthistorisk gransking av alle tenkjelege slag frametter.
«Kva er det i ei liste?» er ein vidgjeten artikkel skriven av sosialantropologen Jack Goody i boka The domestication of the savage mind, som på norsk ville heitt «Temjinga av den ville tenkinga» (1977). Goody slår her fast at lister av alle slag regulerer sosial praksis, for dei viser kva ein har tilgang til, kven som har tilgang til ressursane som finst, og korleis. Det gjeld såleis inventarlister, lagerlister, skattelister – men òg handlelister. Og sjølvsagt lister over tekstar. Heretter kan vi finne ut av noko vi elles ikkje ville nådd fram til. Empowerment, heiter det på engelsk. Sjølvstendig kraftmobilisering, forming av eiga makt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.