Eit kaosområde

Britane og franskmennene delte Midtausten mellom seg. Det var ikkje så lurt, seier James Barr. Men kva var alternativet?

Publisert

Sykes–Picot-avtalen er store saker. I desse IS-tider kan de googla «Bastian Vasquez». Då finn de ein video på YouTube der han fortel at no er avtalen over, grensa mellom Syria og Irak er borte. Han tok litt feil i det. Men at avtalen har ført til store problem, er det liten tvil om. Avtalen, som ein del veit, vart i si tid inngått mellom Russland, Frankrike og Storbritannia i 1916, etter at den britiske etterretningsoffiseren Mark Sykes og den franske diplomaten François Georges-Picot hadde teikna liner i sanden.

Eller avtale og avtale, fru Blom. Britane tok ikkje teksta på særleg alvor og laga i grunnen andre planar, men Frankrike tvinga avtalen gjennom under fredstingingane etter fyrste verdskrigen. Britane fekk litt dårleg samvit for det dei var med på, for dei hadde i røynda, særleg Lawrence of Arabia, lova arabarane full fridom. Og ja, arabarane fekk fridom frå tyrkisk styre, men ikkje fridom frå britane og franskmennene.

Olje!

Avtalen vart inngått av fleire grunnar, men økonomisk interesser låg i botnen. Både Storbritannia og Frankrike var på randa av konkurs etter fyrste verdskrigen. USA var i røynda den dominerande verdsmakta, og USA var meir enn sjølvforsynt med olje. Men skulle Frankrike og Storbritannia kjøpa olje, måtte dei betala med dollar, og dollar mangla dei. Då var det betre å kjøpa olje med eigen valuta, og det kunne dei gjera om dei kontrollerte oljekjeldene i Midtausten.

Dessutan var dei i røynda til stades i Midtausten under ottomanane òg. Franskmennene hadde gjennom hundreåra, ja, i grunnen heilt frå krosstogtida sett på det som ei plikt å verna kristne enklavar i området. Dei hadde i tillegg bygt opp ei rekkje privatskular i regionen, der borna til den ottomanske eliten gjekk og lærte seg fransk framferd og språk. Då den fyrste verdskrigen braut ut, gjekk heile 90.000 born i franske skular. Dessutan hadde franske bankar finansiert det meste av den sentrale og moderne infrastrukturen i regionen. Desse investeringane vil franskmennene ha avkasting av.

På britisk side var sjølvsagt som alltid Winston Churchill sentral. Før krigen, då han var marineminister, og kontrollerte ein fjerdedel av alle offentlege utgifter, fekk han ideen om at departementet skulle verta ein investor i Midtausten. Churchill kjøpte enkelt og greitt Anglo-Persian Oil Company, det som seinare vart BP. Han kjøpte det av di han la om alle britiske krigsskip frå kol til olje, men den langsiktige konsekvensen var at den britiske statskassa fekk svære ekstrainntekter, også etter at imperiet gjekk i oppløysing. BP var den dominerande aktøren i Iran og Mesopotamia.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement