JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Eit kaosområde

Britane og franskmennene delte Midtausten mellom seg. Det var ikkje så lurt, seier James Barr. Men kva var alternativet?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5439
20200124
5439
20200124

Sakprosa

James Barr:

A Line in the Sand: Britain, France and the Strugge that Shaped the Middle East

Simon & Schuster, London 2011

Jon Hustad melder bøker han har lese, gamle og nye.

Sykes–Picot-avtalen er store saker. I desse IS-tider kan de googla «Bastian Vasquez». Då finn de ein video på YouTube der han fortel at no er avtalen over, grensa mellom Syria og Irak er borte. Han tok litt feil i det. Men at avtalen har ført til store problem, er det liten tvil om. Avtalen, som ein del veit, vart i si tid inngått mellom Russland, Frankrike og Storbritannia i 1916, etter at den britiske etterretningsoffiseren Mark Sykes og den franske diplomaten François Georges-Picot hadde teikna liner i sanden.

Eller avtale og avtale, fru Blom. Britane tok ikkje teksta på særleg alvor og laga i grunnen andre planar, men Frankrike tvinga avtalen gjennom under fredstingingane etter fyrste verdskrigen. Britane fekk litt dårleg samvit for det dei var med på, for dei hadde i røynda, særleg Lawrence of Arabia, lova arabarane full fridom. Og ja, arabarane fekk fridom frå tyrkisk styre, men ikkje fridom frå britane og franskmennene.

Olje!

Avtalen vart inngått av fleire grunnar, men økonomisk interesser låg i botnen. Både Storbritannia og Frankrike var på randa av konkurs etter fyrste verdskrigen. USA var i røynda den dominerande verdsmakta, og USA var meir enn sjølvforsynt med olje. Men skulle Frankrike og Storbritannia kjøpa olje, måtte dei betala med dollar, og dollar mangla dei. Då var det betre å kjøpa olje med eigen valuta, og det kunne dei gjera om dei kontrollerte oljekjeldene i Midtausten.

Dessutan var dei i røynda til stades i Midtausten under ottomanane òg. Franskmennene hadde gjennom hundreåra, ja, i grunnen heilt frå krosstogtida sett på det som ei plikt å verna kristne enklavar i området. Dei hadde i tillegg bygt opp ei rekkje privatskular i regionen, der borna til den ottomanske eliten gjekk og lærte seg fransk framferd og språk. Då den fyrste verdskrigen braut ut, gjekk heile 90.000 born i franske skular. Dessutan hadde franske bankar finansiert det meste av den sentrale og moderne infrastrukturen i regionen. Desse investeringane vil franskmennene ha avkasting av.

På britisk side var sjølvsagt som alltid Winston Churchill sentral. Før krigen, då han var marineminister, og kontrollerte ein fjerdedel av alle offentlege utgifter, fekk han ideen om at departementet skulle verta ein investor i Midtausten. Churchill kjøpte enkelt og greitt Anglo-Persian Oil Company, det som seinare vart BP. Han kjøpte det av di han la om alle britiske krigsskip frå kol til olje, men den langsiktige konsekvensen var at den britiske statskassa fekk svære ekstrainntekter, også etter at imperiet gjekk i oppløysing. BP var den dominerande aktøren i Iran og Mesopotamia.

Men vegen til oljen gjekk om Suezkanalen, som Storbritannia òg åtte. Då var det ein god ting å kontrollera Palestina som ein buffersone for oljehandelen og import og eksport til India. Dessutan hadde utanriksminister Arthur Balfour i 1917, mellom anna for å få jødisk støtte i USA, lovd at jødane skulle få ein heim i Palestina.

God investering

Det er liten tvil om at britane tente stort på å annektera Midtausten. Særleg etter den andre verdskrigen var Iraks medlemskap i sterlingområdet heilt sentral for å halda oppe britisk kjøpekraft. Men det store biletet som James Barr teiknar opp, er at Sykes–Picot var ei forråding av både imperialistane og undersåttane og langt på veg førte til ein grunnleggjande mistillit mellom Frankrike og Storbritannia, ein mistillit som pregar tilhøvet den dag i dag.

Syria, Jordan, Libanon og Palestina var eit lappeteppe av ulike etniske grupper og religionar. Det alle gruppene hadde til felles, kanskje med unnatak av dei kristne i Libanon, var at dei ikkje ville verta styrte av utlendingar. Opprøret hadde hovudsete i Syria, der franskmennene gong på gong sleit med terroristar, som dei ikkje fekk fanga av di dei drog til Jordan og Palestina når franskmennene prøvde å drepa eller pågripa dei. Det franske styret vart stadig meir brutalt. Britane på si side ville ikkje utlevera terroristane av di det ville føra til uro i deira område.

Hauk over hauk

Når så palestinarane etter kvart gjorde opprør mot den aukande importen av jødar til Palestina, byrja eksporten av terroristar den andre vegen. Det vart hauk og over hauk, og eit av sluttresultata var at Frankrike finansierte og selde våpen til jødisk terrorgrupper, Stern og Irgun, av di Storbritannia i røynda hjelpte Syria og Libanon til å verta uavhengige av Frankrike.

Barr har laga ei underhaldande bok, men så har han òg hatt mykje å vera underhaldande om. Sitatet frå Lloyd-George om at Churchill, om han kunne, hadde laga trommeskinn av huda til mora for å kunne spela trommevirvlar til ære for seg sjølv, er verdt boka åleine. Men Barr har som utgangspunkt at det ville vore best om arabarane hadde vorte overlatne til sin eigen lagnad.

Eg er ikkje så sikker på om det er rett. Saudi-Arabia har hatt fridom sidan det ottomanske imperiet gjekk i oppløysing. Eg er ikkje trygg på at det landet har eit styresett som andre land i regionen kunne ha etterlikna.

Jon Hustad

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Eg er ikkje trygg på at Saudi-Arabia har eit styresett som andre land i regionen kunne ha etterlikna.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis