Musikk

Eit fritt og bohemsk countryliv

Country for folk som likar ideen om open prærie, men helst vil bli verande i West Village.

Raud hatt, men ingen hest. Lola Kirke rir heller mot Manhattan enn mot solned­gangen. Kjelde: Pressefoto
Publisert Sist oppdatert

Simen Kirke er ein 75 år gamal trommeslagar, best kjend som ein sentral medlem i det greitt populære britiske rockebandet Bad Company. Bandet har i hovudsak spelt kommersiell poprock og alltid tilpassa seg den rådande rockestilen i samtida. Dei kan samanliknast med eit tidleg Bon Jovi, men med mykje meir teflon i musikken.

På 1990-talet flytta Kirke den mykje betre gjengen sin, familien, frå London til New York, og skapte ein ny heim der kjende og kreative menneske dagleg banka på. Ikkje berre for fest og moro, men for dagleg drøs. Slik vart familien nærast mytologisk i kulturkrinsar.

For dei som no undrar om Kirke har slektskap med den endå meir mytologiske Kirke, trollkvinna som forheksa Odyssevs, kan eg verken stadfeste eller avkrefte det.

Ein mytologisk krins

Kona, Lorraine, dreiv ein kjend klesbutikk der ho redesigna brukte klede, og som moteblada kasta seg over. Dottera Jemima hadde rolla som den viltre Jessa Johansson i HBO-serien Girls. Eldstedottera Domino var på veg til å bli ei indiepopstjerne før ho i staden valde livet som doula.

Yngstedottera var det derimot ingen som heilt forventa noko av. I alle fall om ein skal tru det Lola Kirke skriv i den halvbiografiske boka Wild West Village som ho gav ut tidlegare i år. Ikkje før ho oppdaga at countrymusikk er tre gitargrep og sanninga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement