Eit forsvar for demokratiet

Dette er til sjuande og sist eit essay om korleis populismen trugar demokratiet.

Publisert

Den demokratiske styreforma har vore svært vellukka. Kvifor sviktar tillita til ho? Det spør Civita-historikar Bård Larsen om i denne boka. Etter at han har stilt spørsmålet sitt, gjev han ein definisjon av demokratiet. Deretter kjem to kapittel som tek for seg demokratiets største utfordring: framveksten av populistiske parti. Deretter kjem eit kapittel som drøftar trugslane frå relativisme, fake news og endringar i det politiske ordskiftet. Det siste kapittelet i boka synest å konkludere med at demokratiet vil overleve. Men konklusjonen er uklår. Larsen verkar ikkje heilt sikker.

Tankevekkjande

Demokrati i trøbbel inneheld fleire tankevekkjande påstandar. Boka hevdar at dei berande politiske partia er i oppløysing; at populistar finst både til høgre og venstre i politikken; at adjektivet «autentisk» er eit av dei farlegaste orda i det politiske språket. Dette er gode observasjonar, men boka ville ha tent på å støtte dei opp med betre kjelder. No har boka undertittelen «et essay om hvordan og hvorfor demokratier kan gå i stykker». Eit essay er ikkje ein djuptpløyande analyse, men ei ytring av eit meir personleg slag. Det må likevel noterast at boka kunne ha vore meir empirisk – særleg i første kapittel som set opp problemstillinga. Tal, kart, figurar og empiriske demonstrasjonar kunne ha presentert ei oversikt over dei store endringane i det europeiske politiske landskapet og gitt eit meir robust springbrett for diskusjonane som kjem etter.

Som til dømes at dei sosialdemokratiske partia fekk 186 plassar i EU-parlamentet ved førre val. Dei ligg an til å tape 50 av dei i valet no i slutten av mai. Dei konservative sentrumspartia, som fekk 207 plassar, ligg an til å tape 35. Dei store sentrumspartia slit i motbakke heime òg. Sør i Europa – i Spania, Italia og Hellas – har dei sosialdemokratiske partia nesten forsvunne. I Frankrike har både sosialistpartiet og gaullistpartiet kollapsa. I nabolanda våre, Sverige og Danmark, har dei sosialdemokratiske partia skrumpa kraftig inn. Kort sagt, det politiske landskapet i Europa er blitt dramatisk omkalfatra dei siste åra. Det er ei svært aktuell bok Larsen har skrive.

Forsvarsskrift

Demokrati i trøbbel er eit forsvarsskrift for liberal-demokratiet som er under press. Kva er samanhengen mellom dette presset og populismen? Boka etterlèt seg eit inntrykk av at det er populistane som pressar på. At dei fossar fram, drivne av innvandring, automatisering, stagnerande arbeidsløn og meir pessimistiske utsikter om framtida. Dette er til sjuande og sist eit essay om korleis populismen trugar demokratiet. Boka drøftar populismens natur (i kapittel 3) og populistanes metodar (i kapittel 4). Ho framheld at populistar finst både til høgre og venstre i politikken, men er mest oppteken av populismen på høgre fløy. Men boka stiller ikkje spørsmålet om kva som driv fram populismen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement