Eit forsvar for assimilering

Halvor Fosli har gode poeng, men mange av påstandane i boka kjem i vegen for debatten han vil reise.

Halvor Fosli åtvarar om faren for eit nasjonalt samanbrot om ikkje innvandringa blir avgrensa sterkt.
Halvor Fosli åtvarar om faren for eit nasjonalt samanbrot om ikkje innvandringa blir avgrensa sterkt.Halvor Fosli åtvarar om faren for eit nasjonalt samanbrot om ikkje innvandringa blir avgrensa sterkt.
Publisert Sist oppdatert

Sakprosa

Boka til Halvor Fosli er komen ut på Document Forlag, knytt til Document.no, som vert rekna som eit såkalla alternativt medium. Omgrepet kan verka utdefinerande – i tydinga «dei skal me ikkje lytta til». Eg meiner ei slik tilnærming feil. Det er argumenta og innhaldet i boka me må vurdera.

Fosli peikar framover mot eit mogleg nasjonalt samanbrot om me ikkje forstår kor vanskeleg integrering er og om vi ikkje avgrensar innvandringa sterkt.

Til liks med det Brochmann-utvalet synte, og som Kåre Willoch og Torbjørn Røe Isaksen skriv om i si siste bok «Alt med måte», meiner Fosli at det er avgrensa kor mange innvandrarar det norske samfunnet kan absorbera. Fosli legg for sin del til at absorberingsevna er sterkt avgrensa.

Han meiner at Noreg kan verta fragmentert og mista tillit om ikkje innvandringspolitikken vert lagd kraftig om, og me får til ei assimilering av innvandrarane. Om så ikkje skjer, vil det føra til, i fylgje Fosli, at «fordelingssemja», som statsvitar Øyvind Østerud meiner ligg til grunn for velferdsstaten og nasjonalstaten, vil forsvinna. Fosli har rett i at høg innvandring – særleg frå ikkje-vestlege land med liten fagkompetanse – kan gje auka skilnader og sterkt press på lønningar og velferdsordningar.

Assimilering

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement