Musikk
Eit førebels høgdepunkt
Elin Rosseland er alt anna enn femte hjul på vogna
Trygve Waldemar Fiske, Hanna Paulsberg, Oscar Gröning og Hans Hulbækmo har fått Elin Rosseland, nummer to frå høgre, med på laget.
Foto: Julie Naglestad
Hovudprosjektet til Hanna Paulsberg, Concept, gjev ut den femte plata si «med vokalisten Elin Rosseland som gjest», som det heiter i presseskrivet. Hadde ein ikkje visst betre eller ikkje fått det servert svart på kvitt, ville ein ikkje trudd at Rosseland var gjest. Ho glir saumlaust inn i bandet og uttrykket, som om ho skulle vore ein mangeårig medlem.
Dei åtte låtane på Himmel over hav er alle skrivne av Paulsberg, og som alltid er repertoaret variert og har stor eigenverdi. Tre av dei fire tekstane er signerte Rosseland. «Gå» har Paulsberg og Rosseland skrive i lag. (Tekstane, som er langt frå songlyrikk i tradisjonell forstand, kunne med fordel vore trykt på plateomslaget.) Rosseland er med som vokalist også på låtane utan tekst.
Musikken blei spelt inn i november 2023 i Propeller studio, og tittelkuttet og «Homer Wells» blei spelt inn live på Victoria i Oslo dagen før dei gjekk i studio.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.