Bok
Eit fleirtydig liv, eit utfordrande livsverk
Bendik Wold gjev unik innsikt i livsutfordringane til Thomas Mann.
Thomas Mann då han signerte gjesteboka til byen Frankfurt am Main etter å ha teke imot ein nominasjon for årets Goethe-pris 25. juli 1949.
For ei vakker, medrivande, elskeleg bok! Eg nyttar aldri ordet nydeleg, men er freista: Her vert du dregen inn i ein atmosfære der du kjenner deg teken hand om i eit heilt nytt univers (som det truleg er for dei fleste) og samstundes ei tid og eit verk som lesaren tidleg skjønar verdien av.
Bendik Wold maktar noko få har klart: Biografien over ein forfattar omsluttar forfattarskapen, syner korleis skriftene til hovudpersonen er del av både personlegdomsutviklinga og samtida til Thomas Mann. Få biografar vågar seg på å gå inn i djupe analysar av verket, men her vert det ein vesentleg del av framdrivet og stoffet til ettertanke.
Ein andre natur
Då Thomas Mann var gut, etter at han var fødd inn i ein borgarfamilie i turistbyen Travemünde, ikkje langt frå Lübeck, i 1875, var verda framleis slik laga at lesing var viktigaste kjelda til kunnskap, underhaldning og allmenn orientering. Frå tidlege år vart Mann dermed forsenka i den pessimistiske opplysningskritikken frå Schopenhauer og Nietzsche, «som sammen med Richard Wagner utgjør Manns ‘treenighet av evig forbundne ånder’», slik Wold siterer Mann sjølv.
Denne ideologiske bakgrunnen skulle lenge vere ein andre natur for Thomas Mann og gjev perspektivet for familieromanen med skapnader og motiv frå eigen familiebakgrunn som han gav ut som 26-åring, i 1901: Buddenbrooks – en families forfall.
Det var denne romanen som vart viktigast for at han fekk Nobelprisen i 1929, og han er rekna som eit portrett av den tyske høgborgarskapen i nedgang.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.