Bok
Eit ekte skrekkabinett
Illustrasjon: Line Renslebråten
Virkelighetens monstre gjev ei systematisert framstilling av dei mest skremmande skapningane som finst på jorda. Nokre av kategoriane er opplagde, som reptil og edderkoppar. Andre utvidar kartoteket, som fuglar og fiskar.
Boka er påkosta og forseggjord, særleg gjev illustrasjonane eit imponerande inntrykk. Dei digitale teikningane er orienterte mot det skrekkelege, men likevel vakre og subtile.
Formidlinga kombinerer ei rekke ulike teksttypar: Først ei interessevekkjande overskrift, deretter ein skala frå éin til ti: Kor farleg er dette dyret for eit menneske? I bombepunkt får vi vite kvar dyret lever, kor stort det er og kva som står på menyen. Endeleg gjev ein fagtekst nærare kjennskap til arten. Boka inviterer til ulike lesemåtar og vert på denne måten meir tilgjengeleg og truleg interessant for fleire.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.