Musikk

Eit eklektisk duftlys

Jenny Hval byr på vemod i dampen frå parfyme og fordums sigarettrøyk.

Jenny Hval er ei sjeldsynt stemme i norsk musikk.
Publisert Sist oppdatert

Jenny Hval lagar popmusikk som set spørsmålsteikn ved kva popmusikk kan vere. Forenkla kan ein seie at ho er alternativet for dei som ønskjer noko anna enn Aurora Aksnes si vokale ferd i ei smekker skogsglenne. Men lite i tilværet lèt seg forenkle – verken det Aurora gjer, eller, i endå mindre grad, det Jenny Hval driv med.

Albumet hennar av året hentar inspirasjon frå sigarettar og parfyme: Proust-aktige minne om sigarettane mora røykte på balkongen i oppveksten, i møte med den lysande, grasiøse og elegante dufta frå Flacon de table-kolleksjonen til Serge Lutens, parfymen Iris Silver Mist.

Ei duft av spøkelse

Akkurat denne dufta er skildra av parfymeinfluensarar (ja, dette er ei greie) på TikTok som lukta av rå gulrot henta rett frå jorda, med aningar av røykelse og nellik, og behageleg kald. Parfyme er nemleg mykje meir enn duft.

I essaysamlinga Scenemenneske, som deler omslagsfoto og minne med albumet, kallar Jenny Hval dufta det næraste ho kjem å sansa spøkelse. At parfymen luktar som noko som har vore gravlagt djupt nede i jorda, og så har stått opp att i disig måneskin.

Dersom ho skulle gått med parfyme, ville det vore Iris Silver Mist, skriv ho.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement