Musikk
Eit atypisk tingingsverk
Vindall inneheld nokre finslipte juvelar.
Det nye albumet til Andreas Ulvo (nr. 3 f.v.) er basert på tingingsverket til Vossa Jazz i 2022.
Foto: Anders Ulvo
Laurdag 9. april 2022 urframførte septetten det seksdelte verket på Vossa Jazz. Eit knapt år seinare var dei same musikarane i Rainbow studio og spelte inn Vindall. I ordbøkene vert det skrive med éin l og har to hovudtydingar, med mykje vind, stormande, og som ligg ope til (ein vindal stad).
Klangleg variasjon
Før urframføringa sa Andreas Ulvo til Vossa Jazz at det var viktig for han at musikarane fekk vera med på å forma uttrykket, og at det er plass til å veksla mellom ulike besetningar innan verket, slik at det skal få klangleg og dynamisk variasjon. Han ville også prøva å skriva musikk slik at det ikkje høyrdest for planlagt ut. Han ville med andre ord prøva å halda på noko av dei improvisatoriske kvalitetane også i det skrivne.
Ulvo har i særleg grad lukkast med det første målet. Den klanglege og dynamiske variasjonen er ein sentral del av identiteten til verket. Kombinasjonane er mange og varierte. Spennet mellom det ljose og mørke, mellom det rotfesta og det eteriske er eit nøkkelgrep, men også dei fine klanglege nyansane Ulvo får fram med instrumenta fele, hardingfele, cello og barokkharpe, er med på å gjera Vindall til unikt i tingingsverksamanheng.
Improvisert
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.