JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Eit annleis hotellopphald

Rebecca Wexelsens kreftroman handlar ikkje så mykje om kreft.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rebecca Wexelsen debuterer som romanforfattar.

Foto: Paal Audestad

3189
20190125
3189
20190125

Roman

Rebecca Wexelsen:

Hotell Montebello

Tiden

Ein skulle tru Hotell Montebello var namnet på eit luksushotell eller den nyaste plata til Karpe. Men Rebecca Wexelsens første roman er ikkje nokon vestkantharselas. Tittelen er henta frå pasienthotellet til Radiumhospitalet.

Den heilt unge astronomistudenten Nina går til legen med ein klump i halsen som viser seg å vere kreft. Derifrå går ferda til Hotell Montebello og eit opphald som endar opp med å bli like triveleg, og dermed like tungt å forlate, som internatet på ein folkehøgskule.

Einsemd

Nina er ein tafatt type. Det kan reint verke som om ho ikkje bryr seg om at ho har fått kreft, ho berre følger instruksane ho får, blindt og utan panikk.

Det tar ei stund før eg forstår at dette sjølvsagt handlar om at den unge kvinna er deprimert. Ho er svært einsam, kontakten med familien er så som så og ho har ikkje fått seg vener på studiet, og sakte, men sikkert har nok dette ført til ein apati. Så åleine i verda er ho at det tar lang tid før ho fortel nokon kvar ho er. Det er rett og slett ingen som spør.

Nina er samtidig god på å sjå seg sjølv frå utsida, og ho fortel oss korleis det liksom berre skjedde, at alle dei andre studentane fann kvarandre, medan ho blei ståande igjen. Wexelsen bakar astronomien inn i skjønnlitteraturen, eit grep eg er svak for. Og det er vellukka gjort. Det er rørande korleis Pluto blir brukt som bilete, dvergplaneten som ligg så langt unna sola og alle dei andre, at han ligg i evig mørke. Og som attpåtil er så liten at han i 2006 vart nedgradert og ikkje lenger er ein planet. Meir utanfor enn det går det vel ikkje an å bli.

Fellesskap

Nina lærer seg betydinga av ein fellesskap og å tole at menneske er forskjellige, at vi alle saman er brikker i noko større. Det er originalt av forfattaren å bruke noko så ekstremt som kreft for å skildre einsemd. Slik blir denne romanen noko anna enn dei andre norske «sjukdomsbøkene» vi har sett dei siste åra. Nina ønsker seg meir av kreften for å sleppe å gå ut igjen i livet og sleppe å ta vare på seg sjølv og det sosiale livet sitt, og ei stund klarer ho faktisk å klamre seg fast til ein slags kreftillusjon. Her snur ho altså alt på hovudet; frå å ikkje ville fortelje nokon om sjukdommen, lyg ho no om at ho har han. Det kan minne om tenåringar som lyg om dramatiske ting som alvorlege sjukdommar og graviditetar berre for å få merksemd og omtanke. Men einsemd er jo den nye folkesjukdommen, seiest det, og kan hende finst det ikkje noko verre enn nettopp kjensla av å vere åleine.

Det er trist å lese om denne unge, håplause jenta, men i det heile er Hotell Montebello likevel ein lett roman, skriven med ein ung og frisk penn. Kreften og einsemda blir balansert med skarpe karakterskildringar eller nærast karikaturteikningar, vaflar og humoristiske situasjonar og formuleringar som: «Kreft er verst, dermed basta. Nå spiser vi smultringer.»

Katrine Judit Urke

Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er trist å lese om denne unge, håplause jenta, men i det heile er Hotell Montebello likevel ein lett roman.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis