Film
Einsemda
Heimefilm om vanskar med vennskap er eit greitt avbrekk, men å sjå film saman er best.
Tim Robinson spelar Craig, og Paul Rudd har rolla som Austin i filmen som tek opp mannleg einsemd.
Foto: Andrew DeYoung
Craig (Robinson) bur i ein forstad i USA. Han er nøgd med ein meiningslaus reklamejobb. Kona Tami har overlevd kreft, sel blomstrar og er bestevenn med ein tidlegare kjærast.
Ein dag foreslår ho at han ikkje berre skal sitje i godstolen, men vitje den nye naboen Austin (Rudd), og kanskje få ein venn. Den sosialt klønete Craig tar sjansen. Austin er motsatsen. Vêrmannen spelar i band, kan mykje rart og likar eventyr. Han er trygg og snill. Craig er overvelda av glede og kastar seg inn i det litt vel hardt.
Rett på video
Dei fleste filmar kjem ikkje på kino. Nokre kjem rett på store strøymetenester, mange har ein festivalrunde, nokre hamnar på leigesider på nettet og nokre på alle tre. Friendship av regissør Andrew DeYoung blei vist på store festivalar som Toronto International Film Festival og South by Southwest i USA og er no til leige mange stader.
Leigetenestene dekkjer slett ikkje den sosiale funksjonen videosjappene hadde. Ein finn framleis lågterskeltilbod. Nokre gonger vil ein rømme frå ei røynd med velfinansiert folkemord og krype ned i sofakroken. Då er filmar som denne ikkje verst.
Friendship minner om uavhengige filmar frå USA anno videosjapper. Budsjettet er ikkje det største. Samfunnet er skildra med litt aparte typar. Karakterane er fiffige. Craig med sine gjennomgåande brune klede og keitete stil er over toppen, men Tom Robinson gjer rolla med barnlege, sterke kjensler strålande frå andletet. Eit fjernsynsfjes frå ungdomstida, Paul Rudd, er lun i balanse med stigande stress som Austin.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.