Bok
Einsemda i fellesskapen
Hilde Stålskjær Osen skriv vart og fint om å finne seg sjølv.
Hilde Stålskjær Osen debuterer som romanforfattar.
Foto: Lena Knutli
I ein alder av 40 debuterer Hilde Stålskjær Osen med ein kort tekst på rundt hundre sider; i realiteten er det snakk om 70 tekstsider. Da skal det heile vere svært fortetta og finstemt innanfor rammene av tid og rom som handlinga utspeler seg i.
Ung forteljar
Osen legg handlinga til ein tettstad langs kysten, sett gjennom auga til den namnlause eg-forteljaren, ei ung jente på rundt 20 år. Etter vidaregåande jobbar ho på det lokale hotellet, venninna jobbar i lakseindustrien og kjærasten reiser i utanriksfart for å tene til eige hus med mora som næraste nabo. Heimstad, slekt, nære relasjonar og familiens fangenskap synest å stå sentralt hos Osen, og ho turnerer det utan store bokstavar og tydelege føringar; ho viser det utan å seie det.
Den unge forteljaren lever eit enkelt, ureflektert og overflatisk liv innanfor rammene som bensinstasjonen, Felleskjøpet, Coop Mega, kaia med Hurtigruta, hotellet og bustadfeltet gir. På fritida ser ho TV-seriar og DVD-filmar, køyrer rundt med kjærasten, går på fest i helgene slik dei andre gjer, samtidig som ho kjenner på ei indre uro som meir og meir kjem til overflata; ho ventar på at livet skal begynne, at noko skal hende som tar henne bort frå den tomheita og mistrivselen ho kjenner og som kanskje har med identitetssøking å gjere. «Kanskje jeg ikke følger med i mitt eget liv, at jeg ikke er interessert nok», tenkjer ho. «Jeg (…) kompliserer alt», tenkjer ho vidare mens venninna meiner at «alt er enkelt», liksom at refleksjon er din verste fiende.
Kystsamfunn
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.