Bok
Einsemd på fleire språk
Lina Wolff lagar velskriven og sprø underhaldning av einsemd.
Lina Wolff fekk August-prisen i 2016 for romanen som no er omsett til norsk.
Foto: Forlaget Oktober
Ordet polyglott blir brukt om ein som snakkar fleire språk, eller ei bok som er skriven på fleire språk. Svenske Lina Wolff skriv om einsemd ved hjelp av tre romanfigurar med ulike språk.
Fleirspråkleg
Dei tre personane snakkar ulike språk ved at dei uttrykker seg forskjellig etter kva bakgrunn dei har. Wolff gir slik personane mykje farge, det er lett å sjå dei for seg. Forteljingane heng ikkje direkte saman, men personane er til stades i historiene til kvarandre. Ellinor reiser for å treffe ein mann ho har snakka med på nettet. Språket hennar er nøkternt og litt bittersøtt. Og så har vi forfattaren Max som får livet snudd på hovudet etter hendingar som oppstår tilfeldig. Han fortel i eit meir pretensiøst språk. Og så blir vi med til Italia der Lucrezia, som er av adelsslekt og brukar eit litt fornemt språk, prøver å ordne opp i økonomiske problem. Omsetjar Bodil Engen får med seg nyansar og små humoristiske stikk, og teksten er god å lese.
Romanen inneheld dessutan fleire frasar på andre språk. Lina Wolff har sjølv budd i Spania, og ho brukar språket mellom anna for å vise korleis ord som lyder vulgære på skandinavisk, kan bli vakre på spansk og italiensk. Slik får vi sjå kor avhengig mykje er av kontekst og humør.
Einsemd
Einsemda og lengslene hos romanfigurane oppstår ikkje på grunn av mangel på innhald eller potensial til gode liv. Det skjer heller trass i dette. Litteratur, særleg Michel Houellebecq, og sex, både innanfor og utanfor heimen, er blant reiskapane dei brukar for å sleppe unna einsemda. Vald er òg eit tema i boka, både fysisk vald og ein slags sjølvdestruktivitet som går igjen hos alle romanpersonane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.