Kunst

Ein skulptur vert til

Utsnitt av skulpturen som Ola Stavseng lagar.
Utsnitt av skulpturen som Ola Stavseng lagar.
Publisert

Ved fjorden i Geiranger skal det reisast ei skulpturgruppe over menneska som gjennom fleire hundre år vann levebrødet sitt ut av dei bratte fjellskrentane. Sterke, høgreiste skal dei stå i snø og is gjennom vinteren og omgjevne av turistar i dei hektiske, korte sommarmånadene.

Gruppa vert i desse dagar arbeidd fram i eit digert nedlagt fabrikklokale i Stordal på Sunnmøre. Kunstnaren er stordalingen Ola Stavseng. Det er mektig å få vere vitne til den lange og særs kompliserte prosessen fram til verket står klart i bronse. På veggane heng svære teikningar som viser korleis skulpturane er planlagde, teikna frå mange vinklar.

På borda, mellom meislar og spatlar ligg gipsfragment, ei kvinnehand, delar av eit barneansikt, skisser og fotografi. På eit podium står eit slankt reisverk i metall. Dei kraftige metallstengene er bøygde i form, snart skal dei dekkast med leire, formast til ein slåttekar med langorv, så høg at kunstnaren må stå på ein krakk for å kome til. Når leirfiguren er ferdig, må han haldast fuktig før han vert overført til gips. Dette er ein kompleks prosess der leirfiguren vert øydelagd og ein står att med ein original i gips.

Inne i atelieret i Stordal står også ei skulpturgruppe med kvinne og barn. Figurane er alt støypte i gips. Kunstnaren arbeider vidare i gipsen og klargjer arbeidet for ein ny transformasjon, til bronse. Støypeprosessane vert utførte på ein verkstad i Oslo, så figurane må pakkast godt for transport.

Her vert gipsfigurane skorne i delar og støypte kvar for seg gjennom ein kompleks prosess. Til slutt vert delane sveisa saman og overflata reinsa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement