Ein poetisk koplarGro Dahle skriv leikne dikt om Anna Akhmatova og Frank O'Hara.DIKTGro Dahle:Anna og Frank

Gro Dahle skriv leikne dikt om Anna Akhmatova og Frank O’Hara.

Gro Dahle diktar om Anna Akhmatova og Frank O’Hara.
Gro Dahle diktar om Anna Akhmatova og Frank O’Hara.
Publisert

Det er eit spesielt prosjekt Gro Dahle har sett seg føre: I diktform lèt Dahle den russiske poeten Anna Akhmatova (1889–1966) møte den amerikanske beatpoeten Frank O’Hara (1926–1966). Møtet skjer i boka Anna og Frank, og møtestaden er Dahles leikande poesi. Dahle eltar biografisk stoff og diktliner frå dei to poetane saman med eigne verseliner.

Lyrisk legering

Kva kan ein kalle dette? Fri dikting, eller fri gjendikting? I dikta sirkulerer ikkje-omsette liner på russisk og engelsk, men viktigast: Alt er skapt og bunde saman av Gro Dahles heilt eigne lyriske legeringar og koplingar. Heller kan ein snakka om ei vørdnadsfull/vørdnadslaus samanføring av tre røyster, tre poetiske attitydar, tre lyriske kontinent. Problemet med gjendikting blir elles kommentert i eit av dikta: «gjendiktninger/ ankommer som fremmede i nye sko,/ men uten undertøy/ flekker på blusen». Så då er kan hende Gro Dahles frie gjendiktingsløysing hakket betre.

Boka er ei lågmælt og hyllande kjærleikerklæring til dei to poetane. I første bolken treffer me Anna Akhmatova i Russland, der me høyrer om giftemål, skilsmål og om mennene hennar som sit fanga og vert drepne av bolsjevikane. I neste bolk er me i USA, hos Frank O’Hara, før båe poetane møtest i New York. Sjølv om New York-delen er eit klimaks i boka, treng ein dei to andre delane som oppbyggingsfase. Resultatet er ei bok som vekslar mellom det sorgfylt strenge og det meir jazza, utfrika.

Fritt og strengt

Kva har dei to poetane til felles, anna enn dødsåret 1966? Den pågåande, ubekymra, snakkesalige og omgjengelege Frank O’Hara vert sett opp mot den melankolske, ettertenksame og politiske posituren til Anna Akhmatova. Frie rytmar og vers møter den strenge rimeforma. Det er ikkje slik at boka ser det som si oppgåva å løyse opp skilnadane i poetisk grunnsyn: «Du trenger ikke dette nå,/ sier Frank/ og prøver å ta sjalet hennes, det hvite med frysene/ men hun vil beholde sjalet på,/ holder fast ved enderimene,/ selv om han mener det er unødvendig/ holder fast rytmemønsteret også,/ selv om han mener det er arkaisk.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement