Ein Olav før Stiklestad
Tore Skeie dreg heile den europeiske omverda inn i forteljinga om Olav.
Døden til Heilag-Olav på Stiklestad i 1030. Del av ein antemensale frå ei ukjend kyrkje, ca. 1320?–40. No finst han i Nirdarosdomen.
Historie
Tore Skeie:
Hvitekrist. Olav Haraldsson og hans tid
Gyldendal
Det finst to landskjende menn som heiter Skeie, den eine er presten og salmediktaren Eivind, den andre Bocuse d’Or-verdsmeisteren og restauratøren Geir, frå Fitjar. No kan me trygt føra opp ein tredjemann på lista, mellomalderhistorikaren Tore Skeie.
Den nye boka hans, Hvitekrist, er dedisert til besteforeldra, men sjølv om det tyder på at han er ung, har han tidlegare gjeve ut to bøker: Alv Erlingsson. Fortellingen om en adelsmanns undergang (2009) og Jomfruen fra Norge (2012). Den siste handlar mest om kong Håkon 5. Magnusson og gjev lesaren ei særs gripande oppleving av tidleg 1300-tal, tiåra før Svartedauden.
Dramaturgi
Oppleving er rette ordet, for om Skeie klengjer seg aldri så tett til kjeldene og viser seg som ein fullt påliteleg fagmann, står han i tradisjonen frå dei store historikarane, frå Livius og Snorre til Theodor Mommsen og Tor Bomann-Larsen, og er fyrst og fremst forteljar. Bøkene hans har høg litterær kvalitet; han har eit grep om stoffet og ein sans for dramaturgi som kjenneteiknar ein ekte forfattar, for ikkje å seia dramatikar.
Han byrjar boka Hvitekrist med eit personoversyn, i same stil som dramatis personae hjå Shakespeare: «Olav Haraldsson, viking, krigsherre og nordmennenes konge. Harald Grenske, hans far, danekongens underkonge i Viken.»
Lista er dramatisk lang, for her er ikkje berre norske kongar og stormenn, men Wessex-kongar, danekongar og mektige menn heilt ned til «Hisham II, kalifen av Cordoba». Forfattaren gjev soga om Olav fargar og lukter som ingen historikar før har fått fram.
Men likevel: Olav «kom fra en mørk verden. Ikke fordi solen ikke skinte i hans hjemland, eller fordi det var mer primitivt enn andre land, men fordi Skandinavia på begynnelsen av 1000-tallet var et samfunn uten bøker. Og et samfunn uten bøker er, på sett og vis, et samfunn uten historie. Bildene vi har av Olavs tidsalder er ikke dens egne, men tilhører senere tiders minner og forestillinger om den.»
Spanande vegar
Skeie finn spanande vegar bak desse førestillingane. Han dreg heile den europeiske omverda inn i forteljinga om Olav, og han viser stor evne til å nytta kreativt det han finn i notisar hjå framande kronikørar. Men løyndomen i denne uvanlege formidlingskunsten ligg nok i grunnhaldninga han har til stoffet: Han står som ein undrande mann frå vår eiga tid og stirer fascinert inn i ei heilt anna verd.
Lesaren vert teken med på ferda inn i det framande og får ei leseglede som historiebøker sjeldan gjev, om ein ikkje høyrer til dei spesielt interesserte. Ein vert heller ikkje uroa av fotnotar, for bak i boka finn ein både kronologi og oversyn over kjeldene til kvart kapitel.
Forteljinga endar i det Olav kjem på hesteryggen mot Stiklestad. Her seier han til biskopen (i mi Snorre-omsetjing frå 2012): «Da jeg vendte blikket vestover fra fjellet og så utover Norge, kom jeg til å tenke på at jeg har vært glad mang en dag i dette landet.» Truleg er det diktaren Snorre som har gjeve oss denne replikken.
Historikaren Tore Skeie kjem her ikkje nærare kongen enn at han lyt sjå han for seg «på stor avstand, bare en silhuett, tett omgitt av sine skyggeaktige og navnløse hirdkrigere». Men på veg til Stiklestad ser han også ein 15 år gamal gut, Olavs halvbror, han som med tid og stunder skulle verta kjend som Harald Hardråde.
Denne herlege boka på 265 sider ville ikkje ha slutta her om ikkje forfattaren hadde tenkt å skriva vidare om Olavs veg frå uklår «silhuett» før Stiklestad til helgenkonge etter. Kan henda vert det berre som ei innleiing til ei ny bok om «halvbroren».
Om Tore Skeie held fram som han stemnar, vert boka nok ikkje mindre spanande enn den Lars Saabye-Christensen har gjeve oss.
Kjell Arild Pollestad
Kjell Arild Pollestad er dominikanarpater og forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Han har eit grep om stoffet og ein sans for dramaturgi som kjenneteiknar ein ekte forfattar, for ikkje å seia dramatikar.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.