Ein narsissist skriv
Sjølvsagt er avsløringa av Harvey Weinstein viktig, men avsløringa seier òg noko djupt urovekkjande om USA. Det får du ikkje vita gjennom å lesa denne boka.
Ronan Farrow er journalist og forfattar.
Foto: Brad Barket / NTB scanpix
Eg har høyrt denne boka som lydbok, lesen av forfattaren sjølv. Eg høyrde henne som lydbok av di eg visste at det ville vera lydopptak der. Og ja, lydboka inneheld mellom anna opptak av Harvey Weinstein som Ronan Farrow fekk tak i. Der høyrer vi Weinstein vedgå overgrep og prøva å truga Ambra Battilana Gutierrez (google henne) til å verta med inn på rommet for å valdtaka henne. Dette opptaket er det mest avslørande provet mot Weinstein, og Farrow publiserte det i The New Yorker.
Boka avdekkjer at arbeidsgjevaren hans, NBC, nekta han å avsløra Weinstein, at mellom andre tidlegare Mossad-agentar, betalte av Weinstein, aktivt prøvde å hindra at saka kom ut, og at Farrow sjølv var i livsfare.
Det er ei fantastisk og deprimerande historie. Amerikanske rikingar har fått oppføra seg som dyr. Storkapital og amerikansk rettsvesen er ingen god kombinasjon. Då politiet i New York ville etterforska Weinstein, hjelpte Gutierrez dei ved å gå med skjult opptakar. Men statsadvokaten ville verta attvald og tok imot mykje pengar frå Weinstein. Statsadvokaten var Cyrus Vance junior, altså son til den tidlegare utanriksministeren til Jimmy Carter.
Frå eliten
Arbeidet som Farrow har gjort, er særs viktig. Det er så. Men eg vart sitjande og tenkja på noko anna medan eg høyrde på boka, og det er kor feilskrudd USA er på visse felt. Ronan er son til Mia Farrow og Woody Allen. Han har vakse opp i den øvste intellektuelle og økonomiske eliten i USA og gått på dei beste privatskulane og dei beste Ivy League-universiteta. Farrow er amerikansk adel og ein helt for den liberale eliten. Og han fekk sjølvsagt straks arbeid i utanriksdepartementet då han var ferdig utdanna. Han kjenner sjølvsagt Hillary Clinton.
Deretter vart han talkshow-vert i NBC, og han meinte det rette om pedofiliskuldingane mot Woody Allen. I boka seier han gong på gong at han er heilt ferdig med Allen-saka, og at han ikkje vil verta kjend for den saka, for så gong på gong på gong å repetera pedofiliskuldingane, som ikkje er prova.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.