JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Ein moderne klassikar

Lyslandet gjev oss eit omfattande bilete av diktaren Åse-Marie Nesse.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Åse-Marie Nesse (1934–2001) debuterte i 1970 og gav ut tolv diktsamlingar i alt.

Foto: Samlaget

2630
20220513
2630
20220513

Dikt

Åse-Marie Nesse:

Lyslandet. Dikt i utval 1970–2000

Utval og forord ved Karen Selma Mariendal
Samlaget

Åse-Marie Nesse (1934–2001) var eit mangfaldig menneske. Ho var litteraturgranskar, germanist, omsetjar – og diktar. Ho må ha vore eit arbeidsjarn, for ved sida av det akademiske yrket gav ho ut ikkje mindre enn tolv diktsamlingar. Ho debuterte i 1970. Og all lærdomen sin støypte ho om til klangfulle vers.

Som Karen Selma Mariendal peikar på i føreordet, var ho eit klassisk åndsmenneske, og omsetjinga hennar av båe banda av Goethes Faust ragar høgt i norsk omsetjingskunst. Då eg tok allmenn litteraturvitskap grunnfag i Bergen på slutten av nittitalet, var det den versjonen vi nytta i Goethe-førelesingane, og det var nok fyrste møtet mitt med skrivekunsten hennar.

Men her skal vi konsentrera oss om diktaren Åse-Marie Nesse, som vi får eit omfattande bilete av i Lyslandet. Eit av dei beste dikta i samlinga er det nydelege hyllingsdiktet til Olav Nygard, henta frå Til ord skal du bli (1973), og eg siterer eit par vers frå siste strofe:

Men du var skald. Og dine kvad er blanke

krystallar frå ein løynleg lava-eld.

Enn syng det under tusen etervenger,

ditt skapings-ord: Ein jordson lekkjun sprengjer!

Her ser vi tydeleg kor viktig forma var for Nesse, og kor godt ho klarar å gje nytt liv til den gamle metriske diktinga. Men vel så mykje finn vi modernistiske dikt, og det finst eigenleg ikkje nokon motsetnad mellom desse uttrykksformene i diktarverda hennar. Kanskje er det nettopp difor ho er vorten ein av våre mest folkekjære diktarar.

Ho er ein typisk sentrallyrikar, som diktar om døden, livet og kjærleiken, men nok mest om livet: «– og livet er eit tre med fantastiske frukter –/ med blomar og menneske, fuglar og stjerner/ i solgult og sjokkrosa, irrgrønt og purpur».

Eller som det vert sagt ein annan stad: «Dag for dag må vi sprengje oss ut av mørket/ lik stjerner».

Hjå Nesse finn vi ei hardt tilkjempa tru på at humanismen og dei gode kreftene vinn over det som trugar mennesket: «Og dei saga opp dagen i bitar/ Og dei gav deg mørket å ete/ Og dei gav deg mismod å drikke/ Men du heldt fram med å synge.» Det gjorde Nesse òg; ho miste aldri trua på at diktinga til sjuande og sist gjer oss til betre menneske, og at ho rømer livsviktige åndsverdiar. Dette var det credoet Åse-Marie Nesse staka livet ut etter, og Lyslandet er ein framifrå introduksjon til det diktariske universet hennar.

Kjetil Berthelsen

Kjetil Berthelsen er
litteraturvitar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hjå Nesse finn vi ei hardt tilkjempa tru på humanismen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis