Musikk
Ein mann og ei øy
Ein nesten ukjend musikar frå Bøler kjem med eit tredjealbum skrive og forma av ei øy.
Aksel Barsnes Undset. Her på ei øy. Truleg verken Atløy eller Isaks øy. Men ei øy.
Foto: Brooke Sharkey
«Eit menneske er inga øy heilt for seg sjølv», skreiv John Donne, og skapte eit mykje sitert omgrep som i dag nesten er tømt for meining. I møtet med Isak’s Island-prosjektet til Aksel Barsnes Undset blir det likevel relevant. Bølerkaren deler etternamn med den siste norske mottakaren av Nobels litteraturpris før Jon Fosse, men står fram som ei musikalsk øy: ikkje isolert, men nærast åleine. Og ikkje berre i artistnamnet.
Du har truleg ikkje høyrt om han før, men 32-åringen har arbeidd med prosjektet sidan han budde i London for mange år sidan. Tidlegare har han skrive mjuke, intime songar som ligg nær Sufjan Stevens og Elliott Smith. No er det langt tydelegare slektskap med Richard Hawley, barytonen frå Sheffield som i 25 år har laga einsame og melankolske songar med tidlause kvalitetar.
Tidlaust
Det er noko like tidlaust over det Undset og dei fem medhjelparane gjer her. Åtte songar som ikkje pressar seg på, men som lèt langsam kraft arbeide nøysamt og presist.
Albumet er spelt inn på Atløy, heilt vest i Sunnfjord, der faren hans kjem frå, i eit hus bestefaren vart fødd i. Eg veit ikkje om nokon av desse er Isak, men eg høyrer at Isak’s Island ikkje har heilt same klangen som Atle’s Island. Særleg ikkje når det komplette albumnamnet er Isak’s Island III, med same kjølige nummereringa som hjå til dømes Led Zeppelin og Loudon Wainwright III.
Undset kunne like gjerne valt eit fullstendig sjølvtitulert album, slik ein gjerne markerer at eit album er noko nytt og annleis. Isak’s Island III har uansett ein ny energi samanlikna med dei to fyrste. Ein lun klang mellom han og medvokalist Juni Habel gjer at røystene deira finn saman som kviskrande høgdepunkt i dei 40 minutta III varer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.