Kunst

Ein lukkeleg slutt i Ålesund

Kunstnar og restauratør Bent Erik Myrvoll leier oppussingsarbeidet.
Kunstnar og restauratør Bent Erik Myrvoll leier oppussingsarbeidet.
Publisert

Den omfattande restaureringa av Løvenvold kino er snart avslutta. Det ikoniske bygget skal setjast attende til slik det var då det opna for publikum for første gong i 1923.

Det er lagt ned særleg store ressursar for å berge det 30 meter lange måleriet øvst på veggane i kinosalen. Frisa skildrar forløpet i folkevisa «Villemann og Magnhild» som om det var ein teikneserie. I den første delen vert vi kjende med Magnhild og Villemann som førebur bryllaup. Trass i at dei elskar kvarandre, er Magnhild sorgtung, for ho veit at lagnaden hennar er å drukne i elva.

Sjølv om den komande ektemannen byggjer ny bru over elva, snublar brurehesten, så ho fell i vatnet og vert fanga av eit digert troll. Men det endar godt, med tonane frå harpa si tvingar Villemann utysket til å gje frå seg Magnhild.

Dette er ei av dei lengste frisene i landet, utført av Paul Ansteinsson. Han var fødd i 1885 i Vallset, ei bygd aust i Stange kommune. Etter kunstutdanning i Paris og Düsseldorf dekorerte han fleire slott og kapell i Rhindalen. Då han vende tilbake til Noreg, vart han raskt ein ettertrakta dekoratør. Han har mellom anna utsmykka Den norske Amerikalinjes gard (1919) og Den mauriske hall i Hotel Bristol (1920) i Oslo. I tillegg dekorerte han mange kinobygg, men eg tvilar på at dei vart rikare dekorerte enn Løvenvold kino.

Ansteinsson var ein av dei første som arbeidde med freskoteknikk i landet. Denne typen måleri vert laga på våt kalkvegg, såleis bind fargepigmenta seg kjemisk til kalken. Dette er ein svært haldbar teknikk, berre veggen ikkje vert utsett for fukt, slik tilfellet var i Løvenvold kino. Det var i grevens tid huset vart teke hand om, store parti av motivet har sprokke og ramla ut. Måleriet ber også preg av at det var koksfyring her, og det er lett å gløyme at sigarettrøyken låg tett under framvisingane før røykjelova kom. Også dette har sett spor som må reinsast vekk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement