Bok

Ein kulturhistorisk skatt

Boka om Thrond Haukenæs kastar nytt lys over ein rik og mangfaldig epoke i norsk historie.

Thrond Sjurson Haukenæs (1840–1922) vart fødd på ein einbølt gard på Haukanes ved Granvinsfjorden.
Thrond Sjurson Haukenæs (1840–1922) vart fødd på ein einbølt gard på Haukanes ved Granvinsfjorden.
Publisert

I vår tid med internett og sosiale medium er det lett å gløyma samlarane og skribentane som sytte for den folkloristiske arven vår – mennene som på 1800-talet ferdast landet rundt for å samla eventyr, segner og andre folkeminne. Framleis er Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe folkeeige, og framleis kjem nye utgåver av bøkene deira. Men det finst andre som er komne i gløymsla.

Derfor er det fint at Arne-Ivar Kjerland lyfter fram Thrond Sjurson Haukenæs, ein folkeminnesamlar og lokalskribent frå tida før og etter 1900. For ein må vita om slike som han for å forstå skriftkultur og lesing her i landet på slutten av 1800-talet – kvifor og korleis også allmugen byrja å lesa og få bokleg informasjon.

Unge år

Haukenæs vart fødd i 1840 og voks opp i ein kulturheim på garden Haukanes i Granvin. Faren dreiv som handelskar, og familien sat nokså godt i det. Impulsar frå mora gjorde vesle Thrond til ein flittig lesar av kristne skrifter. Ho fortalde også eventyr og segner frå Hardanger med stor innleving.

Thrond dreiv som sauegjetar som gut. I 16 vintrar, frå 1856 til 1871, var han med på vårsildfiske – dei fyrste åra i open båt. Han gifta seg med Kirsti Gjertsdotter frå Indre Ålvik i 1871.

Same året byrja han forretning på Eide i Granvin. I 1876 innreidde han huset sitt til hotell, Haukenæs hotell, med tanke på turistar i ei tid då fleire dampbåtar frakta passasjerar i fjordane. Han styrte «Gravens forbrugsforening» frå 1873 til 1881 og kjøpte til slutt forretninga. Han gjekk konkurs og fekk ein knekk, ikkje berre økonomisk. Det einaste den 43-årige forretningsmannen var motivert for, var å samla folkeminne, skriva bøker og prøva å leva av det. Kone og tre søner skulle sytast for.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement