Musikk
Ein himmel full av klovdyr
Ny instrumentalkvartett tenkjer kveg som meir enn berre norsk raudt fe.
Himmelskip er desse fire. Her med bakkekontakt.
Foto: Øystein Folkedal
Ifølgje leksikonet er «kveg» eit av dei eldre norske orda for det vi gjerne tenkjer på som tamme, store husdyr som vi held for å få mjølk, kjøt eller trekkraft. Denne instrumentalkvartetten med mykje musikkutdanning i bein og armar vel derimot sau som omslagsdyr når dei debuterer overbevisande lyrisk, luftig og instrumentalt.
Den siste kvegdriver er ikkje nødvendigvis eit kvad om at ville vesten ikkje er som før, knapt nok at det ville vestlandet er som før.
I staden er det lydsporet til ein fiktiv film, eller i alle fall ein TV-serie, om å få folk og fe heim frå beite. Kva slags fe, kan ein lure på, for dei einaste dyra med eigne låtar her, er rev og grevling.
«Reven» er ein seig låtluring som høyrest ut som om reggae vart funne opp i eit norsk høgfjell, og er i så måte nærare dette tilpassingsdyktige pattedyret enn ein viss Ylvis-song. «Grevling» er meir melankolsk pop med fingerspelt gitar, så høgstemd og sakral at ein ikkje skulle tru ein av bandmedlemmene også spelar i eit black metal-band. Men det gjer han altså.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.