Film
Ein flyktning kolporterer sitt skinn
Denne filmen gapar over så mykje, men greier det heilt fint.
Yahya Mahayni spelar den syriske flyktningen som låner kroppen sin ut til ein kunstnar.
Foto: Another World Entertainment
Sam (Mahayni) og Abeer (Liane) er forelska og vil gifte seg mot all fornuft heime i Syria i 2011. Snart har Sam flykta frå fengsel til Libanon, og Abeer har gifta seg med førstevalet til mora, ein mann ved den syriske ambassaden i Brussel.
Medan Sam snik seg til kanapear på fjonge vernissasjar i Beirut, hukar ein ekstremt vellukka kunstnar tak i han med ein idé. Han vil tatovere eit visum til Schengen over heile ryggen til den syriske flyktningen, for så å stille han ut på museum i Belgia. Varer er jo frie, i motsetnad til folk. Sam seier etter kvart ja.
Den tunisiske regissøren Kaouther Ben Hania går breitt ut med mang ein tematisk tråd. Borgarkrigen i Syria, kjærleik og pragmatisme, ulikskap, kunst og kapital, kontrasten mellom globale marknader og stengde grenser og meir til.
Forteljarkontroll
Ved å halde linsa stramt på Sam får ho det ambisiøse filmprosjektet til å fungere aldeles flott. Sam er ein finurleg figur. Han insisterer på å oppføre seg som eit menneske. Den groteske utnyttinga er ikkje eintydig negativ, og dei som vil redde han frå å vere eit objekt med nøkkel til eit hotell med fem stjerner, møter ikkje nødvendigvis takksemd. Kunstnaren seier verda er kynisk, men verda er ein forvirrande plass med få klare svar.
Digitale skjermar er sterkt til stades. Alle migrantar er jo avhengige av mobiltelefonar og videosamtaler. Huda til den atletiske Sam får òg mykje spelerom på lerretet. Yahya Mahayni vann pris på festivalen i Venezia for skodespelet, sjølv om det er den første spelefilmen hans.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.