Film
Ein film som fell mellom to stolar
Historia om korleis Ole Brumm vart til, manglar retning og ein sterk hovudrollefigur.
Filmen om Christopher Robin og Ole Brumm er biografisk.
Foto: David Appleby / Tour de Force
«Eg hadde ein fin barndom. Det var oppveksten som var jævlig», seier ein 18 år gammal Christopher Robin Milne når han overfor faren (Gleeson) ytrar ønsket om å dra i krigen og berre bli ein i rekkja. Ettersom han ikkje klarte den medisinske testen, ber han faren snakke han inn.
For faren er ikkje kven som helst: A.A. Milne skapte dei høgt skatta bøkene om Ole Brumm, men nytta samtidig sonen som inspirasjonskjelde og levande modell. Ein uskuldig, lukkeleg barndom vart til milliardindustri. I tida etter første verdskrig var Christopher Robin, Ole Brumm og dei andre tøydyra akkurat det allmenta trong.
Adjø, Christopher Robin er altså ein biografisk film, som naturlegvis set ei ramme for historia. Men kva historie vel regissør Simon Curtis her å fortelje? Ei om ein gut som ser barndomsfantasien bli profitt og big business? Eller ei om ein krigsskadd forfattar som behandlar eit traume? Svaret blir som Ole Brumm: Ja, takk, begge delar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.