Film
Ein film om oss alle
Oss to er ei ærleg påminning om at alle som skal leva lenge, skal verta gamle.
Martine Chevallier og Barbara Sukowa som Mado og Nina i ei uvanleg kjærleikshistorie.
Dei to pensjonerte damene madame Dorn (Sukowa) og madame Girard (Chevallier) bur overfor kvarandre i same korridor, men har ikkje fortalt familien at dei har vore elskarar i årevis. Når madame Girard, Mado, får slag, vert planane ho og madame Dorn, Nina, har, totalt endra.
Vendinga
Etter visninga av Oss to følte eg at eg hadde sett ein essensiell film. Den tilsynelatande smålåtne historia om to gamle kvinner får ikkje dei store marknadsføringsflatene frå kinoen og kan såleis gå under radaren. Nokon ungdomsappell kan ein heller ikkje seia han har. Men for godt vaksne som er i ferd med å føla alderdommen sjølv eller via sine eigne foreldre, oppsummerer filmen på mange måtar dette med overgangen frå å vere eit autonomt menneske til å verte redusert til ein umyndiggjort pasient. Frå å ha nesten i overkant interessante framtidsutsikter, vert Mado ved eit slag, bokstaveleg talt, eit umælande, rullestolbunde vesen utan noko ho skulle sagt. Og på den andre sida står Nina, kvinna som har elska henne i alle desse åra då Mado skjulte kven ho eigentleg ville vera med, for å skåna ein heilt normalt trongsynt familie i eit heilt normalt liberalt samfunn. Kjærleiken deira har ingen legitimitet lenger. For alt familien veit, er Nina berre ein rar, slitsam nabo.
Om oss
I ei scene sit Mado på sjukeheimen medan dei rundt henne spelar bingo. Sjølv om eg er ein stor fan av bingo, tenkjer eg likevel: for ein triviell, meiningslaus syssel alle skal trugast inn i der dei sit. Kva skjer med personlegdomen når du hamnar på heim? Ho skulle snart flytta til Roma med Nina, jo! Systemet er nok annleis her i landet enn i Frankrike, men det seier mykje om korleis me standardiserer eldreomsorg på ein til tider uverdig måte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.