Musikk
Ein eigen planet
På veg inn i sitt femte tiår er deLillos enno eit musikalsk solsystem oppslukt av frykt, glede og det imellom.
Lars, Lars, Lars og Øystein, fullstendig oppslukt av ro på Chat Noir.
Pressefoto
Tidleg i juli 1985 spelte deLillos inn ein demokassett på hytta til familien Lillo-Stenberg. Same haust gav det vesle plateselskapet Some People Are Ratz Records ut to av songane derifrå som sjutommaren «Johnny Fredrik / Fugl i bur».
Det inneber at universet no har runda 40 jordår med deLillos som plateartistar. Sjølve albumdebuten Suser avgårde kom fyrst i november 1986 med songar om identitetsfrykt («Tøff i pyjamas»), eksistensiell frykt («Livet er en liten dings») og gleda over å vere på veg heim frå ein sein kveld i ein by som er ein eigen planet («Suser avgårde alle mann»).
Mellom anna.
Frogner-bandet hadde ikkje stor suksess i starten, fyrst rundt albumet Hjernen er Alene i 1989 var det noko som fall på plass hos både publikum og kritikarar. Historia skal ha det til at dei til og med vart nekta i døra på ei prisutdeling musikkmagasinet Beat heldt i 1988. På den tida var det sjangeren roots som stod høgst hos smaksdommarane. Sjølv har eg eit minne om å ha sett videoen til «Tøff i pyjamas» på NRK som ganske ung. Det gjorde eit uutsletteleg inntrykk. Spesielt avslutninga «da skjønner alle at», som eg sjølvsagt ikkje skjønte noko som helst av.
Skjønar alle at
På denne liveinnspelinga byggjer Lars Lillo-Stenberg ut teksta. «Skjønner alle hva alle skjønner at» messar han mot slutten, igjen og igjen. Når nokon roper «ja», seier han: «Då skal de seie nei», til god latter. Før han legg til den avsluttande linja, som aldri vart spelt inn: «Her kommer en som ikke vet hvem han er.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.