Litteratur
Ein bauta over ein spelemann
Boka Men så kom Hauk Buen er ein bauta over ein av dei fremste tradisjonsberarane i norsk folkemusikk.
Den 1. mars 2021 slutta livet til Hauk Buen. I gravferda like etter, i den vakre barokkyrkja på Kongsberg, møtte store delar av den norske folkemusikkeliten fram. Bror til Hauk, Knut Buen, leia kulturprogrammet. Systersonen Per Anders Buen Garnås spelte, saman med Hallvard T. Bjørgum. Sigmund Groven og Kåre Nordstoga gav kvart sitt musikalske bidrag. Jamvel frå USA, frå ein representant for Hardanger Fiddle Association of America, var det helsingar.
At så mange møtte fram for å seia farvel til Hauk Buen, var ikkje tilfeldig. Han var ein særsynt spelemann. Det var sjeldan at han heva stemma. Alltid fór han stille fram. Men når han sette seg til med hardingfela, kom tonane ut med ein tindrande klarleik som få kunne gjera etter. Når ein lytta til Hauk Buen, lytta ein til sjølve den norske folkemusikkarven.
Boka Men så kom Hauk Buen er skriven av Hallgrim Berg – politikar, men ikkje minst folkemusikar gjennom mange år. Hallgrim Berg møtte Hauk Buen på slutten av 1960-talet. Sidan hadde dei to mykje med kvarandre å gjera, på kappleikar, på reiser i inn- og utland og elles gjennom personleg venskap. Difor har Hallgrim Berg levert eit nært og, ikkje minst, varmt portrett av Hauk Buen.
Den litt spesielle tittelen på boka syner til ein episode i 1976, då dei fyrste Folkemusikkdagane i Ål blei arrangerte. Oppe på folkehøgskulen på Bakketeigen skulle ein setja sjølve prikken over i-en med å arrangera ein kappleik med tre framifrå spelemenn, éin frå Hallingdal, éin frå Valdres og éin frå Jondalen. Mens lensmannen, presten og resten av styringsverket sat fremst i salen, gjekk konferansieren – som var Hallgrim Berg – ned til spelemennene i garderoben. Det synte seg at han frå Hallingdal hadde kikka litt for djupt i glaset. Han frå Valdres hadde fått isjias. Då kvar av dei to kom opp på scena, var prestasjonane deira godt i underkant av det ein kunne ha venta. Men så kom Hauk Buen. I ein fortetta klokketime viste Hauk kva spel på hardingfele kan vera, skriv Berg. Det var gjennomarbeidde slåttar med tematisk fantasi, sjeldsynt tonalitet med gjennomførte danserytmar. Det publikum fekk sjå denne dagen, var «den fullgode spelemannen med den fulltonande fela», fortel Hallgrim Berg.
Då Hauk Buen dukka opp i Ål i 1976, hadde han allereie ein lang karriere bak seg. Han var fødd på garden Buen i Jondalen i mai 1933. Den gongen låg Jondalen i Gransherad kommune, og han høyrde såleis til Telemark både administrativt og kulturelt. Folkemusikken fekk Hauk med seg heilt frå barnsbein, delvis frå farsslekta i Jondalen og delvis frå morsslekta i Tuddal. Fyrste gongen han opptredde på ein kappleik, var i Heddal i 1947, der han spelte slåtten «Livius Smitts minne» i tradisjon etter Lars Fykerud. I 1953, 20 år gamal, vann han B-klassa på Landskappleiken i Oslo og rykte opp i A-klassa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.