Bok
Eigne behov
Trude Marstein utforskar foreldrespagaten mellom omsorgsvilje og egoisme.
Trude Marstein har skrive ei rekkje bøker i fleire sjangrar. Ho er òg omsetjar og har fått fleire prisar.
Foto: Julie Pike
«Alt faller fra hverandre og så på plass og så fra hverandre», heiter det i Egne barn, ei av fleire setningar som peikar mot heile tematikken og korleis han blir framstilt. Det som stadig fell frå kvarandre, er relasjonar av den nære sorten – mellom kjærastar og mellom foreldre og barn. Men også inne i menneska går ting i oppløysing for så å bli sette saman på nytt, i ei uendeleg rørsle, den rørsla som kanskje er livet sjølv.
Den ytre handlinga i romanen er enkel: Anjas utvida familie skal ha ei dugnadshelg på torpet i Sverige. Nokre intense timar oppheld desse seg under same tak og i same hage: Anja og den noverande kjærasten, eksmannen Ivar (far til to av dei tre borna hennar), Ivars nye kjærast, barna til Anja og kjærasten til den eldste dottera.
Om familien i Egne barn er representativ, blir ein optimistisk på vegner av den moderne familien. Eg trudde helst romanen skulle ha mykje drama og kanskje nokre harde «oppvask»-scener. Riktig nok blir her vaska opp reint konkret, slik det framleis blir på hytter som enno er utan oppvaskmaskin, og oppvasken gir høve til samtaler. Men desse er forsiktige og høflege. Ingen tallerkar går i golvet, for å seie det slik. Alle dei vaksne og for ein stor del også barna er reflekterte og veltalande – og veldig middelklasse.
Korleis leve med barn
«Jeg ville jo ha flere barn, selv om jeg ikke visste hva jeg ville med dem.» Det er barna som må bere byrdene av det kaotiske kjenslelivet til foreldra, det blir dei som lid under desse ustabile konstellasjonane. Mest uroa blir ein over den yngste sonen, usikker og trengande. Anja er slett ikkje så oppmerksam som ho burde vere, kjem for seint inn i situasjonane, er ikkje nok engasjert. Ho ser godt sine eigne manglar, men greier ikkje å snu handlingsmønsteret. Det er ikkje så lett å «gjøre godt» for å sitere ein annan Marstein-roman. Om noko eller nokon etterlèt eit merke i meg frå denne romanen, er det sonen med det vakre og ironiske namnet Falk, han som Anja slett ikkje held noko skarpt blikk på.
At barna til andre slett ikkje alltid kjennest som ein bonus, blir fint tematisert her. Og motsett: eigne barn vil ein ha for seg sjølv. For Anja er det utoleleg at ste-/bonusforeldre set merke på barna hennar, uttrykt heilt konkret i ei framand lukt som ho vil vaske vekk. Så djupt går desse driftene, heilt inn i det ordlause og dyriske i oss. Dette kunne Marstein ha bora djupare i.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.