Bok
«Ei vyrdeleg og overlag vakker dame»
Gina Krog er ein grundig og velskriven biografi om ein historisk personlegdom.
Portrett av Gina Krog, måla av Asta Nørregaard og eigd av Norsk kvinnesaksforening.
Foto via Wikimedia Commons
Etter sin første store internasjonale kvinnekongress i London i 1899 skreiv Gina Krog (1847–1916) noko grunnleggjande om kvinnefrigjering: «... der er et baand, som binder tænkende og følende kvinder sammen hele verden over – at noget som ligner kvindelig solidaritetsfølelse virkelig er i spire og vext.»
Kari Melby, historikar og professor emeritus, meiner i sin store biografi om Gina Krog at ho betydde mest for «en ny form for kvinnelighet»: at ho hadde sin styrke i å påverke kultur og identitet, meir enn å stå på barrikadane for politiske reformer. På det feltet var Katti Anker Møller ei sterkare kraft.
Men i den årelange kampen for kvinnestemmeretten var Gina Krog så visst ein kompromisslaus reformator: same lov for kvinner og menn! Ikkje minst takk vere henne vart Noreg i 1913 eit føregangsland for innføring av kvinners stemmerett. Ho kravde også felles reglar og lover i arbeidslivet, og meinte at til dømes å forby kvinner nattskift ville ta frå dei hardt tiltrengt betalt arbeid. Arbeidarkvinnene var ikkje samde.
Likestilling
I privatlivet oppfordra ho kvinner til å ta plass og ikkje underkaste seg mannen. Der fann ho støtte i litteraturen, særleg hos Camilla Collett, Henrik Ibsen og Ludvig Holberg. Alt på 1700-talet skreiv Holberg om samfunn der kvinner hadde embete, og at forstand ikkje var kjønnsbestemt. I Aftenbladet 12. januar 1888 oppfordrar ho om at først må «Kvinden faa Øinene op for, hvad det er for et elendigt Dukkeliv, hun ofte fører, et Liv til Mandens Nydelse og paa Mandens Meninger…». Ho var sterkt kritisk til kristendomens bod om at kvinner skal underordne seg mannen.
Far hennar var prest i Flakstad i Lofoten, men døydde før ho kom til verda i 1847. Mora, som ho karakteriserte som feminist, flytta til Kristiania med dei tre barna sine. Gina Krog fekk gå på ein god privatskule, var språkmektig og ei stund lærar før ho brukte all tid på kvinnesaka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.