Kunst

Ei utstilling går digitalt

Her møter vi Edvard Munchs fotografi og filmar som vart funne i heimen på Ekely etter at han døydde i 1944. Han stilte aldri ut dette materialet sjølv. Såleis vert utstillinga eit gløtt over skuldra til kunstnaren, eit nytt perspektiv inn i eit av dei sterkaste kunstnarskapa på 1900-talet også internasjonalt.

«Edvard Munch og Rosa Meissner, Warnemünde», 1907. Kollodion.
«Edvard Munch og Rosa Meissner, Warnemünde», 1907. Kollodion.
Publisert

Munchmuseet er som kjent stengt fram til dei er komne på plass i Bjørvika, det er enno ikkje sett ein opningsdato. Derfor har dei lagt seg i selen for å utvide tilbodet på nettsidene. Her finn vi omvisingar, kunstnarsamtalar, undervisningsopplegg og den digitale utstillinga eg skal ta føre meg, Det eksperimentelle selvet. Det har ikkje berre vore enkelt å skrive om utstillinga, sida har fleire gonger vore nede, utan forklaring.

Det eksperimentelle selvet er ein digitalisert versjon av ei fysisk utstilling som har vore vist ved Munchmuseet, Kode i Bergen, Scandinavia House i New York og Thielska Galleriet i Stockholm.

Munch tok til å fotografere i 1902, det året forholdet til Tulla Larsen på dramatisk vis enda med pistolskot og skade i høgrehanda. Etter nokre år la han vekk apparatet. Først i 1927 tok han fotograferinga opp att, og han eksperimenterte med foto og film fram til midten av 1930-talet.

Fordelt på kapittel

Arbeida i Det eksperimentelle selvet er tematisk fordelte på seks kapittel. «Amatørfotografen» består av 21 foto frå åra 1902–09. På same vis som i måleriet og grafikken viser bilda korleis Munch ser vekk frå rådande reglar om korleis eit vellukka bilete skal sjå ut, og finn fram til eigne vurderingskriterium. Det er inspirerande å sjå det frie og undrande blikket, den tydelege gleda over å oppdage nye verknader.

Når det gjeld det utstillingstekniske, stussar eg over at fotografia er så små. Dei fyller berre ein liten del av skjermen. Trass i at eg såg utstillinga på ein stor monitor med god oppløysing, fekk eg ikkje noko fullgodt inntrykk av arbeida. Hadde det vore råd å forstørre bilda, og såleis granske detaljane nærare, ville utstillinga vorte mykje meir spennande. Fleire av bilda er også skorne ned i kantane, då mister dei ein del av uttrykket sitt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement