Musikk
Ei ung, eldgammal sjel
Du bør gøyme deg før du høyrer på andrealbumet til Daniela Reyes.
Daniela Reyes gøymer seg i mørkeret frå sin eigen by.
Foto: Sverre Kvamme
«For når plata går mot slutten, rammer evigheten meg med det samme», syng Maria Daniela Reyes Holmsen mot slutten av andrealbumet. Den æva har ho for lengst blitt ein del av.
Ifølgje biografien rundar ho 27 år på jorda i 2025. Når ein høyrer musikken hennar, kunne siffera vel så gjerne ha bytt plass.
Ho viser ein mognad som låtskrivar og artist som set ho utanfor tida.
Debutalbumet frå 2021 slutta jamvel med låten «Tidas gjemmested». Ein oppsiktsvekkjande debut som gav fortent honnør frå fleire stader, inkludert ei spellemannharpe som beste tekstforfattar.
Oppfølgjaren er det Talking Heads’ ville kalla «Fleire songar om gøymestader og tid». Reyes er heldigvis langt frå så postmodernistisk. La meg bli ditt gjemmested er ein meir lyrisk, kjenslevar og presis tittel – full av store tankar for både dei som har 72 og dei som har 27 år på jorda å vise til. Om frykta for at alt er forbi («Snart forbi»), om at kvardagen sit fast («Pusterom»), og om forgjengelegdomen ved alle ting («Betenkningstid»). Men – som med Talking Heads – ikkje utan å halde fast ved dei refleksive grepa som var sentrale på debuten: Dette er songar der songaren veit at ho syng ei song, der songane veit at dei er songar, og songaren snakkar både til seg sjølve og til oss som lyttar.
Sjølv albumomslaget har eit nikk til førre album, som om dette er eit noko større, men likevel same univers.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.