Ei stjerne er oppdregen

Overdådig drama som held seg mest på overflata, men for ei overflate!

Den 14 år gamle Celeste (Raffey Cassidy) får ein hit og vert etter kvart stor stjerne.
Den 14 år gamle Celeste (Raffey Cassidy) får ein hit og vert etter kvart stor stjerne.

Drama

Regi: Brady Corbet

Vox Lux

Med: Natalie Portman, Jude Law, Raffey Cassidy, Stacy Martin

Etter ei skuleskyting slit fjortenårige Celeste (Cassidy) både fysisk og psykisk. Systera Eleanor (Martin) hjelper henne ved å skriva ein song som ho så framfører i minnestunda. Det er år 2000, og ting har byrja kunna gå viralt, noko songen hennar gjer. 17 år fram i tid er Celeste ei superstjerne (no spela av Portman), men ho slit ikkje mindre av den grunn – tvert imot.

Mykje lux og lite varme

Det er svært mange tema som skal bakast inn i Vox Lux – systerrivalisering, skulemassakre, den sexifiserte underhaldningsbransjen og påfølgjande korrumpering av uskuldsreine sinn, morsrolla, hore og madonna. Og sistnemnde kan kanskje seiast vera ein av inspirasjonane til filmen, nærare bestemt Madonna med stor M. Andre artistar som Lady Gaga, Kylie Minogue og Britney Spears smeltar saman til hovudpersonen Celeste. Ho er ganske skruppellaus, dønn ambisiøs og forretningsorientert så det held, akkurat som ein lyt vera for å nå til topps og verta verande der oppe. Kva så viss ein har i bagasjen å vera overlevande etter ei skuleskyting? Ja, så kan det berre gjera deg meir interessant og til og med vera inngangsbilletten, slik som for Celeste.

Denne kyniske innfallsvinkelen pregar filmen utan at han eigentleg verkar så kynisk likevel. Det er mykje glødande engasjement oppi den kalde kalkuleringa, slik eg godt kan tenkja meg at det fortonar seg for dei fleste artistar av dette kaliberet.

Musikk-kred

Det er ikkje lenge sidan A Star Is Born gjekk sin tredje sigersgang – den fyrste filmatiseringa kom i 1937, den andre i 1976, med Barbra Streisand i hovudrolla, og i den tredje versjonen spelar sjølvaste Lady Gaga rolla som den stigande stjerna Ally. Likskapen mellom dei to filmane er tilsynelatande mange, men fråværet av sentimentalitet i Vox Lux gjer at han nok ikkje får same publikum. Det er synd, for Natalie Portman i rolla som Celeste er ganske forrykande. Musikken ho framfører, er skriven av inkje mindre enn Sia, den australske artisten bak superhiten «Chandelier». Ho har sjølv lang fartstid i bransjen, ikkje berre på scena, men både som låtskrivar, musikkvideoregissør og musikkprodusent. Dei fleste songane Celeste framfører i filmen, er fullt på høgd, om ikkje sterkare, enn det meste av dagens popmusikk. Salige Scott Walker har også bidrege til sjølve filmmusikken, så musikalsk kredibilitet er det sytt for i alle ledd.

Glittergretten

Vox Lux er ein virvelvind ute av kontroll, eit godstog på full fart mot eit stup, eit kjenslemessig lastebilkrasj – problemet er kanskje at filmen er alt dette på ein gong, noko som gjer at det blir berre tid til overskriftene. Eg vil vita meir om massakren, om foreldra til Celeste, om systera, om manageren. All skryt til Sia og musikken hennar, men for lite poporienterte gretne damer som meg vert det ikkje eit trekkplaster at filmen har lange og mange sekvensar med Celeste i aksjon i all si prakt. Imponerande, ja vel, men eg ville heller brukt tida til å grava meir i psyken til Celeste, eller høyrt kva systera synest om å verta parkert på sidelinja så til dei grader, eller kva manageren (glimrande spela av Jude Law) har for moralske prinsipp. Ikkje dermed sagt at eg er så gretten at eg ikkje kan setja pris på prangande paljettkoreografi, for det gjer eg.