Bok
Ei stinkbombe for etterkomarane
Eg vil ikkje gjere som forgjengaren min og trø i vegen for den nye leiaren i Framstegspartiet, skriv Siv Jensen i memoarboka si. Og så legg ho att ei stinkbombe som partileiar Sylvi Listhaug og partiets stortingsgruppe må leve med i minst fire år framover.
Boka til Siv Jensen vart lansert på Kagge Forlag onsdag denne veka. Ho er skriven i samarbeid med journalist og forfattar Gunnar Ringheim.
Foto: Heiko Junge / NTB
Den nyvalde representanten frå Oppland Carl I. Hagen får ei handsaming i boka som berre kan kallast eit karakterdrap. Klagar over «nedrige angrep» frå Carl – og Eli – som gjorde livet surt for Jensen i hennar formannstid, fyller mange sider. Ho legg ikkje band på ordbruken der ho tek att. «Hans evige historieforfalskninger» er ho lei av, og «sikre kilder» fortel at Hagen no vil gjere livet surt for Listhaug på same måte.
Alt med hjarteleg helsing til partifellane i Oppland som mobiliserte røystene for å få Hagen inn på tinget i det som elles vart eit katastrofeval i 2021 for partiet som låg djupt nede då Jensen trekte seg som leiar året før.
Konflikt og skandale
Siv Jensen skriv rett fram og lettlesen prosa utan mange nyansar og atterhald. Boka gjev oss ein katalog over konfliktar og skandalar internt i Framstegspartiet frå det fyrste landsmøtet Jensen tok del i, «Dolkesjømøtet» i 1993, med særleg vekt på dei folka Jensen kasta ut av partiet i dei 15 åra ho var leiar.
Namnelista er lang. Dei fleste har måtta trekkje seg frå Stortinget og partiet for uryddige – og ofte ulovlege – seksuelle aktivitetar. Om dei ikkje vart dømde til fengsel for å svindle til seg pengar frå staten.
Målet for partileiinga då Jensen tok over i 2009, var å gjere Framstegspartiet til eit truverdig regjeringsparti, skriv ho. No gjer ho sitt beste for å sikre at tida 2013–20 vert eineståande i partihistoria. Kven i andre parti vil ynskje å ha med slike folk i ansvarlege posisjonar etter å ha lese Siv Jensens bok?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.