Ei sporvogn til Linn Skåber
Slagferdig standuphumor truar krafta i dramaet.
Linn Skåber som Blance, Nils Jørgen Kaalstad som svogeren og Stine Fevik som systera i stykket som går på Oslo Nye Teater.
Foto: Gisle Bjørneby
Oslo Nye Teater
Tennessee Williams:
Sporvogn til begjær
Omsett av Leif Helgeland
Omarbeidd av Kim Bjarke
Regi: Kim Bjarke
Scenografi og kostyme:
Olav Myrtvedt
Tennessee Williams er kan hende den dramatikaren som leverte dei aller største teaterklassikarane i førre hundreåret. Sporvogn til begjær er framleis eit av dei mest populære stykka hans. Det appellerer sterkt den dag i dag, for kven kjenner seg ikkje att i lengten etter det reine og vakre, i konfrontasjonane med det rå og stygge? At det å leve i dette spennet kan føre til både tvangstankar og galskap, er faktisk lett forståeleg, sjølv om stykket nok er prega av å vere 70 år gamalt.
Datert
Rollefigurane og dialogane er jo sylskarpt forma, men nett av di omsetjaren og regissøren no har prøvd å gi teksten ein notidig schwung, merkar vi berre tydelegare det daterte i stykket. Det gjeld òg den rocka, stiliserte scenografien. Skal tru om ikkje stykket overlever betre som det er, eller som det var?
Den kraftfulle og sjarmerande skodespelaren Linn Skåber skulle ha gode føresetnader for å spele Blanche Dubois, ei rolle minst like ettertrakta som frøken Julie og Hedda Gabler. Utfordringa med rolla ligg nok mest i kontrasten mellom den muntert, tørrvittige konversasjonen hennar og dei affektert poetiske monologane ho bikkar over i. Linn Skåber trivst openbert best i det slagferdige hjørnet, i den grad at denne Blanche faktisk blir hakket for tøff.
Rett nok finst det mange deprimerte menneske som dekker seg bak det å vere morosam, men slik det no er, tek det for lenge før vi ser livsløgna og det paniske forsvaret til kvinna Blanche. Og publikum ler storfornøgd av Linn Skåbers «one-liners», nokre av dei heilt klårt nye i manuset. Når ho flørtar på tullefransk og seier «Voulez-vous coucher avec moi?» og halvforfører ein ung gut ved å kalle han «lammelåret mitt», er det heller lett gjennomskodeleg publikumsfrieri – og ikkje Tennessee Williams. Først heilt mot den katastrofale slutten finn Skåber ein balanse i rolla som gir oss noko av gyset vi har venta på. Men mange i salen held fram med å le og trur det er komedie.
Dramatisk utydeleg
Som systera Stella og svogeren Stanley er Stine Fevik og Nils Jørgen Kaalstad ærlege og direkte, men som typar har ingen av dei det sanseleg jordbundne som skal stå i kontrast til det vare og eteriske hjå Blanche (som heller ikkje Linn Skåber har). Det underlege er at Kaalstad, som saknar det erotisk dominante som rolla bør ha, dels på grunn av det held på å bli den best forståelege personen i stykket. Vi skjøner faktisk godt at han blir galen av å ha den tilgjorde, nevrotiske svigerinna rundt seg dag og natt. Verre er det med rollefiguren Mitch, som i utgangspunktet skal vere ein litt enkel og tung, mellomaldrande mambo (vaksen mann som framleis bur heime hos mor, red. merk.). Han vert spela av den slanke og kjekke unge Andreas Stoltenberg Granerud. Den odde konstellasjonen mellom han og Blanche blir dramatisk utydeleg, og dialogen deira nærast absurd.
Det skal sjølvsagt mykje til å bli verande uengasjert av eit så godt stykke som dette. Men alt i alt treng det ein meir finstemt dynamikk enn Oslo Nye Teater har gjeve det denne gongen.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?