JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ei skattkiste av ei bok frå ein sjølvlærd kulturberar

Det var eit vakkert tiltak av Samlaget å samla ei slik varig retrospektivutstilling av Johannes Gjerdåkers grannhøyrde tolkingskunst mellom bokpermar. Ikkje berre vakkert, men viktig òg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Johannes Gjerdåker (1936–2020) var gjendiktar og historikar.

Foto: Vestland fylkeskommune

5621
20230331
5621
20230331

Dikt

Johannes Gjerdåker:

Gjendiktingar

I utval ved Per Olav Kaldestad og med etterord av Håvard Rem
Samlaget

Den eine gongen eg snakka med Johannes Gjerdåker på telefon, må ha vore i august ein gong for meir enn ti år sidan. Etter ein ålmenn litteraturprat, der han som alltid hadde mykje på hjarta, spurde eg korleis det stod til med han sjølv: Var han elles ved god helse og godt mot? Nja, han lika ikkje varmen så godt lenger, den gjorde han berre slapp og trøytt: «Du veit, hundedagane – allereie romarane klaga seg over hundedagane!»

Svaret var karakteristisk for mannen: Dei mest kvardagslege tema kunne utløysa ein historisk referanse – og det var ein fest å høyra på. (Samstundes som eg tenkte ved meg sjølv at romarane vel nådde til skotskegrensa, men aldri så langt nord som til Voss, og at det nok var ein heilt annan hete dei klaga over i tida kring Ferragosto.)

Eg møtte Gjerdåker berre éin gong, og fekk då oppleva korleis ei opplesing av gjendiktingar vart til fengslande miniføredrag over litteratur og historie på ståande fot. Finst det i det heile slike langt på veg sjølvlærde flogvit og kulturberarar som Gjerdåker lenger? Smaløygde spesialistar, ja, i fleng, og dei vaktar sine revir med flid. Men ævesstudentar og verdsborgarar i bokallheimen? Eg har mine tvil.

Musikalitet

Den næraste åndsfrenden og grannen i vårt grisgrendte kulturlandskap i så måte var nok den nesten tjue år eldre autodidakten Olav H. Hauge. Men som attdiktarar er dei to heller ulike.

Der Hauge gjerne omskaper kjeldeteksten i sitt eige bilete, underkastar Gjerdåker seg nesten alltid originalen og gjer seg til medium for han. Det heng nok saman med språkøyra og musikaliteten hans. Han maktar mest alltid å lyfta sjølve forma heilberga og turrskodd over vatnet, med meining og tankeinnhald intakt.

Sjå til dømes korleis han har omsut for og klangfullt bergar kvart minste innrim hjå Burns og Coleridge, eller for den sak skuld Joni Mitchell. Litt vel glad er han nok i inversjon (omvend ordstilling), men især i klassikartekstane ber det sjeldan preg av konfirmasjonssong og naudrim, men gjev oftast ein høveleg høgtidleg eller folkeleg-naivistisk dåm.

Som Håvard Rem er inne på i det sympatiske etterordet sitt, er den omsette verdslitteraturen ein sentral del av kvar ein nasjonallitteratur. Og det er alltid berre ein internasjonal kanon som både gjev målestaven for den nasjonale og samstundes er ein piggstav, ein spore som hindrar denne i å stagnera til heimføding og attergløyme i Trangvik.

Målpionerane Aasen, Vinje, Garborg, Nygard, Vandvik og Rytter, med fleire, skjøna dette til fullnad og var også på den måten «founding fathers» av landsmålet som kulturskriftspråk. Og denne byrge tradisjonen aksla Gjerdåker heroisk langt inn i vår tid av kommunalt-robotisk byråkratspråk, gladdialektalt anarki og kommersiell-medial uintendert samnorsk.

Vidsyn

Det er betre med dobbelmoral enn ingen moral, sa Oscar Wilde, og han hadde som oftast rett. Gjerdåkers fyrste attdikting i bokform, Balladen om Reading fengsel og andre dikt frå engelsk (1980), med Wildes vidgjetne fengselsballade, opnar med ei harmfull innleiing om den «barbariske» rettsforfylginga av den skeive poeten. Og i tider der det offisielle Iran tykkjest ha gløymt songen og dansen og den djupt tvikjønna metaforikken i eigen poesitradisjon, lærte Gjerdåker seg klassisk persisk og gav denne rike arven vidare på norsk. Alt dette syner det personlege engasjementet og breidda i humanismen hans: Mannen var ein humanistisk institusjon i eigen person.

Men noko av det beste med ei slik skattkiste av ei bok er at ho gjev perspektiv på tvers av tid og rom: Kultur, geografi og tidsepokar vert relativiserte (i tydinga sette i relasjon til einannan) utan akademisk teori eller påtrengjande ideologi.

Og for eit vidsyn og utsyn dette utvalet vitnar om! Poesi frå meir enn to tusen år og alle himmelretningar: romersk oldtid, persisk mellomalder, engelsk og tysk renessanse og romantikk, modernisme, poplyrikk og eit sjeldsynt innblikk i den lange islandske visetradisjonen.

Slagside

Sjølv saknar eg meir av Horats, den latinske meisteren som Gjerdåker vigde heile tre band, og som såleis attåt Robert Burns er den diktaren han omsette mest av – ei bragd også reint metrisk med dei komplekse strofeformene. Her har nok utvalet ei viss slagside, om enn redaktør Per Olav Kaldestad sjølvsagt er i sin fulle rett når han heller prioriterer den meir moderne songlyriske lina.

Men musikkiveren kan gå for vidt. Ein underleg bolk er kalla «Tekstar til klassisk musikk». Dei latinsk-katolske messetekstane som her står liksom attribuerte Palestrina, Mozart og Puccini, er tvert om tonesette av hundrevis av komponistar, og er elles skral poesi utan tonefylgje. Og i oratorietekstane Haydn og Mendelssohn har nytta, har ikkje Gjerdåker eingong fått med seg takt og tone, rima og rytmen. Dette er hastverk og lastverk frå både omsetjar og redaktør, truleg saksa frå adhockonsertprogram, og skulle ikkje hatt nokon plass i eit elles krese utval som har samla mange godt gøymde skattar frå ymse kjelder.

Boktittelen burde meir presist vore «Dikt og gjendiktingar i utval», for til slutt finn me også ein meisterleg sonettbukett frå Gjerdåkers debutbok, Skot frå gamal stuv (1978), som syner at han ikkje berre var eminent attdiktar, men sjølv ein diktar av høg rang.

Eirik Lodén

Eirik Lodén er forfattar, omsetjar og kritikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis