Musikk

Ei særprega stemme

Musikk og tekst heng organisk saman hos Karoline Wallace.

Karoline Wallace.
Publisert Sist oppdatert

Ein treng ikkje vera spesielt tett på norsk jazz for å ha merkt seg namnet Karoline Wallace. Ho dukkar opp i mange ulike samanhengar. Det er likevel mest fem år sidan ho gav ut Stiklinger. Eon syner ein musikar og komponist i utvikling, men mykje av det som gjorde nemnde Stiklinger og debutplata i eige namn Lang vinter verde å merkja seg, var overraskande kompositorisk, tekstleg og arrangementsmessig grep.

Wallace held fram som ho stemner. Det er delar av Eon som er sensasjonelt bra. Opningssporet «Tycho» kombinerer det arrangerte og det improviserte på avansert vis. Heile vegen opnar musikken nye tolkingsrom for tekstane. Ho brukar stein som samanlikning i «Klokkestein»: «Sakte blir jeg til stein/ huden hardner/ ånden lukter regn (...) Eller/ bobler, smuldrer/ jeg er stein/ lagd av støv/ Jeg må skylles, må renses/ jeg vil myknes...» og i «Karamellgneis»:... Håper du er okei/ som fjell/ elt meg som karamell...» Motsetnadene og kontrastane går att i alle tekstane på eit eller anna vis, og dette blir ofte reflektert i musikken, men i «Bittelille meg» blir kontrasten mellom det rolege ytre og det indre kaoset avløyst av ein vakker gitarsolo med eit hypnotisk ostinat som underlag for instrumental variasjon av låten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement