Film

Ei pressehistorie i tida

Den amerikanske presidenten Richard Nixon likte ei kritisk presse like lite som president Donald Trump gjer i dag.

Redaktør (Hanks) og styreleiar (Streep) saman med redaksjonen i ein avgjerande augneblink.
Redaktør (Hanks) og styreleiar (Streep) saman med redaksjonen i ein avgjerande augneblink.
Publisert

Her er filmen Donald Trump ikkje vil sjå. Ein film som viser kor viktig ei fri og kritisk presse har vore i USA, lenge før dagens «post-truth»-president erklærte krig mot media. Krigen i The Post startar i Vietnam på midten av 60-talet, men flyttar seg raskt til journalistkontoret – og 1971. Redaktøren for The Washington Post, Ben Bradlee (Hanks) anar at konkurrenten The New York Times har ei stor avsløring i vente. Han har rett. Ei kjelde har leke sensitive dokument til avisa om USAs militære intervensjon i Vietnam frå 1945 til 1967. Den sittande presidenten Nixon tar grep og får med lova i hand stansa fleire avsløringar frå The Times av di det trugar «den nasjonale tryggleiken».

– Game on, ropar Bradlee, men han arbeider under vanskelege tilhøve, komplisert av at The Post-eigaren Katharine Graham (Streep) har eit nært venskap til Robert McNamara, den tidlegare forsvarsministeren som tinga rapporten. At avisa til slutt får dokumenta, trykker kritiske saker og vinn fram i retten, er veldokumentert historie.

Likevel veit regissørlegenda Steven Spielberg å halde på spenninga heile vegen. Denne nerven er mykje takka vere Streep og Hanks, som vi aldri må ta for gitt. Særleg Streep er strålande som tvilande kvinne i ein patriarkalsk struktur. Sånn sett er The Post også ein feministisk film.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement