Teater

Ei musikalsk hyllest til musikken og kjærleiken

Så som i himmelen er ei gjennomført musikalframsyning med fleire høgdepunkt.

I sentrum for handlinga står Daniel Daréus (Kristoffer Sagmo Aalberg), som blir dirigent for kyrkjekoret i heimbygda han vender tilbake til etter ein internasjonal karriere som dirigent.
Publisert Sist oppdatert

Kva skjer når den store verda kjem til den vesle, innestengde bygda, der mykje er som det har vore, der kvar har sin plass i systemet og viljen til endring ikkje er like stor på alle hald? Då kan musikken vere ei samlande og endrande kraft – men også ei kjelde til konflikt. Alt dette kjem fint fram i den heilstøypte versjonen av denne svenske verdssuksessen på Den Nationale Scene.

Så som i himmelen byrja som film i 2004, blei teater i 2018 og hadde norsk premiere på Oslo Nye Teater to år seinare. Stykket er romantisk, sentimentalt og tidvis tåredryppande, men byr også på menneskelege problem og konfliktar det er lett å kjenne seg att i. Det er den tematiske breidda og musikken som gjer denne musikalen til den innhaldsrike suksessen han har blitt.

Ufred og hjartevarme

I sentrum for handlinga står Daniel Daréus (Kristoffer Sagmo Aalberg), ein hjartesjuk dirigent med internasjonalt ry. Han får eit samanbrot og vender tilbake til den vesle heimbygda si (her lagd til Vestlandet), som han nesten blei mobba bort frå som felespelande gut. Musikken er heile livsinnhaldet hans, men er også det han no søkjer seg bort frå. Motvillig blir han likevel engasjert i det lokale kyrkjekoret, og det set i gang kjensleprosessar både i han og i fleire bygdefolk – på godt og vondt.

Her er kjensler og tårer og hjartevarme så det held. Men også ufred, misunning, vald og sjalusi, slik at biletet av ei lita bygd blir meir komplett.

Dei berande rollene har Aalberg og Reidun Melvær Berge, sistnemnde som den unge butikkjenta, hjartegod – men også kritisk når det krevst, som forelskar seg i Daniel. Rørande er scena der ho erklærer sin kjærleik til «tomsingen» Tore (Harald Ottesen Nødtvedt) og dansar rundt med han og gjer han til noko anna enn det alle har sett han som. Nydeleg!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement