Bok

Ei minilærebok

Stian Hårstad og Ivar Berg har levert eit solid arbeid om stadnamn langs Orkla.

Publisert

Interessa for namn og namnegransking har tradisjonelt vore stor blant både lek og lærd i Noreg, og oppnorskinga av bygdenamn, områdenamn og namn på topografiske kart var ein viktig del av nasjonsbygginga tidleg på 1900-talet. Sjølv om namnefaget no er kraftig nedbygd ved universitet og høgskular, har denne sterke interessa halde seg, og dette kjem til uttrykk på fleire måtar.

Eitt døme er dei mange bokutgjevingane om namn dei siste åra – dei fleste med lokalt tilsnitt. Stadnamna er fyrst og fremst lokale, dei har vakse fram i lokalmiljøet etter kvart som folk har hatt trong til å namngje stadene, og dei er ein viktig del av identiteten til dei som bur der. Dette gjer at bøkene kan ha avgrensa interesse, sjølv om namnetilfanget i dei er spennande nok.

Ei bok som etter mitt syn fortener å nå ut over det lokale, er Namn langs Orkla av Stian Hårstad og Ivar Berg. Begge forfattarane er professorar i nordisk språkvitskap ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Hårstad har arbeidd med moderne språk, medan Berg har vore oppteken av eldre språktilhøve, og begge har vakse opp «nokre steinkast frå Orkla», som det står på vaskesetelen.

allmenn interesse

Sjølv om namnetilfanget også i denne boka er henta frå ein liten flik av den store verda, i dette tilfellet Orkladalen, inneheld boka mange opplysningar av allmenn interesse. Dette gjeld for det fyrste innleiingskapittelet «Stadnamn og språkhistorie», som på mange måtar er ei minilærebok i namnegransking. Kapittelet er ei pedagogisk god innføring i namnsetjing generelt, namnetolking og etymologi, dialektkunnskap og korleis norsk heng saman med andre språk, og det utfyller omtalane av einskildnamna.

Men også i omtalen av einskildnamna i hovuddelen blir det fletta inn opplysningar som utvidar perspektivet. Elvenamnet Orkla heng til dømes saman med ord som orke og yrke, som igjen svarar til engelsk work ‘arbeid(e)’. Opphavleg var namnet Ork, som namnet Orkdalen viser, og det blir tolka som ‘elva som arbeider’, anten på grunn av strid straum eller fordi elva endrar landskapet der ho fer fram.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement