Bok

Ei gruve i livet

Odd Marakatt Sivertsen skriv innsiktsfullt om folk under harde kår.

Publisert

Det er mange slags gruver her i livet, og det er viktig å sjå skilnad på gullgruver og fallgruver. Romanen Ingen tårer i Moskogaisa har derimot ei kopargruve sentralt plassert i handlinga, og då er forfattaren på trygg grunn. Det same kan ikkje seiast om gruvearbeidarane.

Rotlaust barn

Teksten har skiftande perspektiv, der guten Eero, som vert døypt som Enok i Noreg, fører ordet først og sist, men vert presentert i tredje person i midten av romanen. Han kom til verda på slutten av attenhundretalet, truleg nord i Finland, og levde i lag med mora til dei to kom vekk frå kvarandre i Skibotn i Noreg, og eit barnlaust par, Peder og Sina, tok han til seg. På den tida er det oppdaga kopar i fjellet just på dei kantar, og etter ei tid, der Eero veks opp som Enok med skiftande føresette, kjem det i gang gruvedrift i fjella ved Birtavarre. Men før ein kjem så langt, har forfattaren fått til ei flott skildring av det rotlause barnet i ei hard tid. Guten syg til seg kunnskap frå fleire kjelder og reagerer emosjonelt utan intellektuell korrigering, mellom fattige folk, der somme dansar kring den tomma flaska, og andre rundt den fulle, læstadianarar på den eine sida og gruvesluskar på den andre.

Sivertsen skriv både informativt og reint arbitrært, og boka er såleis eit skjønnlitterært verk med essayistiske innslag, noko som fungerer av di det ikkje vert for mykje av dei reine saksopplysningane, altså slike som skildrar utviklinga av bergverksdrifta, kjende ulukker og framvoksteren av arbeidarsamfunn. Ein annan måte å framstilla dette på, kunne ha vore å dela teksten opp i fleire små kapittel, med ei kort, sakleg innleiing av kvart av desse, og kanskje fleire instansar som kom til uttrykk i første person. Men Sivertsen har gjort sitt val og kjem vel ifrå det.

På leiting

Ein les boka både for sakkunnskapen, informasjonen om livet i gruvesamfunnet, der kokka går væpna med hammar, og for å sjå korleis det går med Enok. Teksten dveler ikkje lenge ved kvart stadium i livet hans, han veks fort til og vert tidleg sysselsett i gruva Moskogaisa, først som køyrekar og seinare inne i sjølve gruvene. Han er mykje påverka av læstadianismen, og lite av alkohol, men når han stundom fretter nytt, eller gamalt, om den bortkomne mora, får han høyra at det er motsett med henne. Han slepper likevel ikkje tak i minnet om henne, og han legg ut på leiting. Dette er eit lite spenningsmoment i teksten, men det vert fort utløyst. Det som kunne ha vore eit djup gruve i livet, vert helst eit dagbrot, men det er likevel plausibelt, så ein tvilar ikkje på at det er slik forfattaren skriv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement