Ei god omsetjingEg har tidlegare meint at for mykje går tapt i ei prosaomsetjing, men i lesinga av Pollestad tek eg meg sjølv i å tenkje at prosaen hans fungerer overraskande bra.

Eg har tidlegare meint at mykje går tapt i ei prosaomsetjing, men prosaen til Pollestad fungerer overraskande bra.

Detalj frå ein statue som syner kampen om Troja.
Detalj frå ein statue som syner kampen om Troja.
Publisert

Iliaden er byrjinga på den vestlege litteraturen, og alle språksamfunn må ha ei omsetjing av dette verket. Noreg fekk sine omsetjingar ganske seint, til riksmål ved Peter Østbye i 1920, til nynorsk ved Eirik Vandvik i 1951. Båe freista å gjenskape det homeriske heksameterverset på norsk. No har Kjell Arild Pollestad late si prosaomsetjing av Odysseen følgje av Iliaden i same form.

Iliaden er på mange måtar ei heilt anna forteljing enn Odysseen. Der Odyssevs fer hit og dit på heimferda frå Troja og møter eventyrkongar og trolske kyklopar, held Iliaden seg strengt til områda omkring Troja. Størstedelen av verket fortel om kamp og krig, og det er tydeleg at diktaren både hadde talent for og sette pris på å fortelje om slikt.

Kamp

Diktet byrjar med det greske ordet mênin («vreiden»), og det er sinnet til den største helten hos grekarane, Akhillevs, som set handlinga i gang. Sjefen for den greske hæren, Agamemnon, blir tvinga til å gje tilbake dottera til Apollon-presten Khryses, og i staden tek han Briseis frå Akhillevs. Denne fornærminga kan Akhillevs ikkje leve med, så han trekkjer seg tilbake og nektar å kjempe før han får Briseis tilbake.

Slik skil diktaren ut sin eigen bit av Troja-soga og lèt historia følgje sin logikk. Akhillevs er til stades i bakgrunnen heile tida, men tek ikkje aktivt del i kampen. I staden følgjer vi trojanarane og grekarane på to plan. Homer skildrar ei rekkje kampar mellom dei greske heltane som er igjen. Tvikampane mellom desse arkaiske krigarane blir skildra i detalj, med oppfinnsam variasjon i kvar spyda og sverda treffer.

Ære

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement