Ei god omsetjing
Eg har tidlegare meint at mykje går tapt i ei prosaomsetjing, men prosaen til Pollestad fungerer overraskande bra.
Detalj frå ein statue som syner kampen om Troja.
Foto: Wikipedia
Sakprosa
Homer:
Iliaden
Omsett av Kjell Arild Pollestad
Cappelen Damm
Iliaden er byrjinga på den vestlege litteraturen, og alle språksamfunn må ha ei omsetjing av dette verket. Noreg fekk sine omsetjingar ganske seint, til riksmål ved Peter Østbye i 1920, til nynorsk ved Eirik Vandvik i 1951. Båe freista å gjenskape det homeriske heksameterverset på norsk. No har Kjell Arild Pollestad late si prosaomsetjing av Odysseen følgje av Iliaden i same form.
Iliaden er på mange måtar ei heilt anna forteljing enn Odysseen. Der Odyssevs fer hit og dit på heimferda frå Troja og møter eventyrkongar og trolske kyklopar, held Iliaden seg strengt til områda omkring Troja. Størstedelen av verket fortel om kamp og krig, og det er tydeleg at diktaren både hadde talent for og sette pris på å fortelje om slikt.
Kamp
Diktet byrjar med det greske ordet mênin («vreiden»), og det er sinnet til den største helten hos grekarane, Akhillevs, som set handlinga i gang. Sjefen for den greske hæren, Agamemnon, blir tvinga til å gje tilbake dottera til Apollon-presten Khryses, og i staden tek han Briseis frå Akhillevs. Denne fornærminga kan Akhillevs ikkje leve med, så han trekkjer seg tilbake og nektar å kjempe før han får Briseis tilbake.
Slik skil diktaren ut sin eigen bit av Troja-soga og lèt historia følgje sin logikk. Akhillevs er til stades i bakgrunnen heile tida, men tek ikkje aktivt del i kampen. I staden følgjer vi trojanarane og grekarane på to plan. Homer skildrar ei rekkje kampar mellom dei greske heltane som er igjen. Tvikampane mellom desse arkaiske krigarane blir skildra i detalj, med oppfinnsam variasjon i kvar spyda og sverda treffer.
Ære
På eit anna plan følgjer vi dei olympiske gudane med Zevs i spissen. Dei sit for det meste som avslappa tilskodarar til menneskekampar på liv og død, men støttar dei ulike partane i krigen og blir av og til tvinge til å gripe direkte inn for å redde favorittane sine frå ulukke.
Dei homeriske heltane lever i ei verd der æra til den enkelte avgjer posisjonen dei har i kollektivet. Heltane kjempar med sverd og med ord, ein stor del av teksten i Iliaden er direkte tale, og heltane legg ikkje noko imellom når dei gyv verbalt laus på kvarandre.
Verseform
Kjell Arild Pollestad kjem til Iliaden etter å ha omsett Odysseen, og han nyttar same form her som der. Pollestad skriv om til prosa, rett nok med ein viss daktylisk rytme. Homer sjølv dikta i versemålet daktylisk heksameter, ei lang verseline som vert gjenteken.
Ei av dei viktigaste oppdagingane i moderne forsking på dei homeriske dikta er at Homer dikta på bakgrunn av ein munnleg tradisjon. Måten Homer uttrykkjer seg på, har opphav i ein munnleg framføringssituasjon. Noko går tapt for lesarar som ikkje får sjå samanhengen mellom versemålet og Homers tunge adjektiv og tilnamn.
Eg har tidlegare meint at for mykje går tapt i ei prosaomsetjing, men under lesinga av Pollestad tek eg meg i å tenkje at prosaen hans fungerer overraskande bra. Den daktyliske rytmen som ligg under, minner lesaren om at det han les, eigenleg er eit dikt, ikkje ein roman, og Pollestad vel også å gje att mange av gjentakingane som er typiske for Homer.
Ordval
Når det gjeld ordvalet, gjer Pollestad ulike val i ulike delar av teksten. I talane, der heltane talar direkte til kvarandre og kjenslene kjem tydeleg til syne, vel han ei ganske moderne språkform, og det tykkjer eg kler verket. I partia der diktaren sjølv fører ordet, er omsetjaren meir konservativ. Dette er nok eit forsøk på å få fram det tradisjonelle og kunstige i Homers språk, noko det ikkje er lett å gje dei som ikkje les gammalgresk, ei førestelling om.
Pollestad har valt å utelate katalogane i andre bok, som skildrar dei to hærane som står mot kvarandre framfor Troja. (Vandvik sette han som eit tillegg bak i utgåva si.) Det tykkjer eg er eit feilgrep. Evna til å framstille store mengder faktainformasjon på dikterisk vis i katalogar var eit prov på ein dugeleg diktar, og vi finn slike både hos Homer og Hesiod. Boka er – med sine 400 sider – alt lang, så forlaget kunne godt ha kosta på seg ein heilt fullstendig Iliaden.
Men Pollestad har gjort ein stor innsats for å gje nye lesarar tilgang til klassikaren over alle klassikarar i den vestlege litteraturen, og vi har fått ei god omsetjing som kan opne Homer for nye lesarar.
Eirik Welo
Eirik Welo er førstelektor i gammalgresk ved Universitetet i Oslo.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den daktyliske rytmen som ligg under, minner lesaren om at det han les, eigenleg er eit dikt, ikkje ein roman.
Fleire artiklar
Eit større forsvar treng fleire folk. Neste år vil regjeringa tilføre Forsvaret 300 nye årsverk, i overkant av 400 fleire vernepliktige i førstegongsteneste og i overkant av 600 fleire reservistar. Biletet viser unge som tok del i ei opptaksprøve til bachelorutdanning i Forsvaret på Sessvollmoen i fjor.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
Mangel på personell kan bremse Forsvaret
Forsvaret er budsjettvinnar i år, men manglar fagfolk. – Vi er på grensa til ei krise, seier forbundsleiar Torbjørn Bongo.
Firda på Sandane i Nordfjord er ein av få vidaregåande skular som tilbyr både drama-, dans- og musikkfag. Elevar frå 21 kommunar søker seg hit. Likevel heng trusselen om nedlegging av linjer over han.
Foto: Firda vgs / Vestland fylkeskommune
Slaktar skular med sparekniv
Når fylkeskommunane må kutte, går det hardt ut over den vidaregåande skulen. Fag, linjer og heile skular forsvinn.
Moses i bokhandelen ved San Antonio University der han arbeider når han ikkje studerer psykologi.
Alle foto: Håvard Rem
Sekstiåttarkryptonitten
SAN ANTONIO: Unge ikkje-vestlege vert lett konservative.
Dei kjem frå tradisjonstru kulturar som ikkje dreg på vestleg skuld.
Teikning: May Linn Clement
Kommunale kvelartak
Den romslegare økonomien til folk flest vert eten opp av dei økonomiske problema til kommunane.
Dette er dei 97 gislane tekne av palestinarar 7. oktober 2023 som framleis er sakna.
Kjelde: «Hostages and Missing Families Forum»
I hendene på Hamas
For eitt år sidan bortførte terroristane meir enn 240 menneske frå Israel. Nokre er sette fri og kan fortelje om grufulle opplevingar. Andre har døydd i tunnelane til Hamas.