Musikk

Ei galen, galen verd

Det første albumet som seier frå om Donald Trumps andre presidentperiode, er her.

Lucinda Williams er sint, forbanna, men langt frå resignert.
Publisert Sist oppdatert

Det er kanskje litt rart å tenkje slik, men for meg har Lucinda Williams alltid vore ei ung Patti Smith. Eller i alle fall countryrockens Patti Smith, for så mykje yngre er ikkje Williams akkurat.

Dei to har berre fått suksess på litt ulike tidspunkt i livet.

Smith slo gjennom med Horses som 28-åring. Williams fekk ikkje eit verkeleg gjennombrot før ho var nærare femti. Sidan Car Wheels on a Gravel Road (1998), eit album som er ein slags trilogi saman med Essence (2001) og World Without Tears (2003), har ho ikkje trunge å tenkje på kor mykje ho har på brukskontoen.

Låtskrivaren Lucinda Williams har sidan debuten stått i kryssinga mellom folk, country, blues og rock. Ho har ein særmerkt litterær presisjon i tekstene, kvardagslege observasjonar ladde med både råskap og sår ynde. Williams er kjend for ei røff røyst og eit kompromisslaust blikk på kjærleik og klasse. Songane vert ofte finslipte til det maniske. Gjerne over fleire tiår.

Gjennom karrieren har ho gjort som ho vil, noko som har gitt ho eit ufortent rykte som vanskeleg og eigen. Det er den kreative eigenarta hennar som har bidrege til at Mary Chapin Carpenter og Emmylou Harris har tolka ho, og at Bruce Springsteen har jobba saman med ho.

No nikkar Williams til ein av Patti Smiths mest kjende låtar. Låttittelen «How Much Did You Get For Your Soul» har ho frå The Pretenders, men riffet er tydeleg likt «Gloria», kampsongen som låner akkordane frå Them og Van Morrison-låten med same namn. Og i alle høve same botn av harmoniar og harme.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement