Ei forteljing om ein av «dei»
Åsne Seierstads bok om Breivik vert ei forteljing om stereotypiar frå Oslo vest i ei krysning av vekeblad og reportasje.
SAKPROSA
Åsne Seierstad:
En av oss. En fortelling om Norge
Kagge Forlag 2013
Åsne Seierstads En av oss gjev seg ut for å vera «en fortelling om Norge». Ein måtte då kunna venta seg ei utgreiing av dei historiske, samfunnsmessige og idelogiske samanhengane som gjorde Anders Behring Breivik mogeleg og forståeleg. Men dét ventar lesaren av denne boka fåfengt på. Trass i omfanget på over fem hundre sider gjev ho ikkje ny innsikt.
Boka skildrar Breivik som eit vondsinna barn som plaga humler, øydela roser og gledde seg over gråten til andre, og tek opp att mykje av det stoffet frå Breiviks barndom som Aage Borchrevink alt har skildra i En norsk tragedie.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.